La reisa bli ein del av opplevinga

Balestrand er eit fantastisk utgangspunkt for opplevingar i Sognefjord-området. Og hugs, det er lettare å komme seg til Balestrand enn du kanskje trur?  Skal du f.eks køyre Bergen – Balestrand, legg inn ein liten stopp på vegenog du kan oppleve fjordNorge på sitt vakraste.

Reise med bil

Bergen – Balestrand: 200 km – ca. 4 timar.
På sommarstid er ruta via Voss og Vikafjellet på sitt aller vakraste. Er Vikafjellet stengd kjem du lettast til Balestrand via Knarvik og ferjesambandet Lavik-Oppedal.


Førde – Balestrand: 100 km – ca. 1 t. 40 min.
På sommaren kan du køyre via Gaularfjellet og oppleve ein av landets finaste fjellovergangar. På vinteren køyrer du via Høyanger.
 
Ålesund – Balestrand: 320 km – ca 5 t. 30 min.

Oslo – Balestrand:  380 km – 6 t. 30 min. Hemsedalsfjellet. ViaFodnes-Mannheller og Sogndal og så ferje Hella-Dragsvik.

Sogndal – Balestrand: 50 km – ca. 1 t inkl. ferje Hella-Dragsvik

 

Reise med fly

Widerøe har fleire daglege avgangarFørde lufthamn. Frå Førde lufthamn Bringeland er det 96 km til Balestrand. Du kan alternativt lande på Sogndal lufthamn, men då er du avhengig av ferje Hella-Dragsvik.
-www.wideroe.no

 

Reise med hurtigbåt frå Bergen

Vi våger påstanden at det ikkje finst mange trivelegare båteiser enn Bergen – Balestrand med hurtigbåt. Rutetider og booking: www.norled.no. Større gruppe? Ta kontakt med oss på Kviknes Hotel.