Aktivitetar på Kviknes Hotel

Ynskjer du å kombinere opphaldet hjå oss med aktivitetar?

Då er du komen til rett stad. Rett utanfor døra kan me tilby ei rekkje aktivitetar der me nyttar fjorden og fjella som arena. Velkomen til ei aktivitetsrik oppleving.

Vinsmaking i vår vinkjellar:

Vinlista på Kviknes er den mest velfylte og innhaldsrike i Sogn og Fjordane. Om du er vininteressert eller ikkje, er eit besøk her ei minnerik oppleving. Saman med ein liten matbit får du smake vin frå ulike kjende vinprodusentar over heile verda. Kanskje får ein nye idèar, og ikkje minst smaksopplevingar?

Fjellturar i Balestrandsfjella:

Dei mange fjella kring Balestrand er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar. Du finn eit velutbygd merka løypenett i kort avstand frå hotellet. Du kan velgje mellom toppturar til 1300 meters høgd, eller lette turløyper. Om ein vil gå på eigenhand får ein løypekart i resepsjonen, og om ein vil gå samla med guide, let dette seg og gjere. Valet er ditt.

Fjordrafting på Sognefjorden:

Ynskjer du ei action- og fartsfylt avveksling frå møterommet? Då skal du prøve fjordrafting. I stor fart får du oppleve den kanskje flottaste delen av Sognefjorden. På kort tid når du lange avstandar, og med litt sjøgang på fjorden blir dette ei storarta oppleving. Me garanterer ikkje bølgjer, men vind i håret og fartstårer i augene.

Kulturvandring i Balestrand med besøk på Ciderhuset:

Kunstbygda Balestrand har ei lang historie, noko ein legg merke til når ein vandrar langs fjorden og ser dei mange drakehusa som ligg på rekke og rad. Eit besøk ved St.Olafs Church er og lagt inn i vandringa. Ein lokal guide fortel den imponerande historia, og om ein ynskjer det, kan vandringa inkludere eit besøk ved Ciderhuset. Utanom produksjonen av den velkjende epledrikken Balholm, vert det produsert cider, både med og utan alkohol. Etter ei lang vandring kan det være godt med ein smaksprøve, og kanskje ventar ei overrasking...

Besøk på Finden gard:

Lars og Laila Finden har bygd opp restaurant og serveringsstad for opptil 100 gjester på farsgarden til Lars i den veglause grenda Finden på sørsida av Sognefjorden. Med stor entusiasme fortel Lars om korleis det er å drive gard og restaurant i ei veglaus grend. Og - maten er sjølvsagt så lokal som det går an. Fisk frå fjorden og vilt frå fjella i Finden er særs viktige ingredisensar når matbordet står dekka. Og smaken - som heimelaga. Finden Gard ligg kun 45 min med båt unna hotellet. Les meir om Finden Gard.

Sykkeltur langs verdas vakraste fjord:

Ynskjer du å oppleve Sognefjorden frå land, kan du leige syklar her hjå oss for grupper opp til 35 pers. I vakker natur og med frisk luft vert turen eit perfekt avbrot eller avslutning på møtedagen. Terrenget langs fjorden er lett kupert, noko som passar dei fleste. Samtidig garanterer me ei flott oppleving

Vil du vite meir? Kontakt Kjetil eller Mariann i vår salsavdeling.