Booking
Frå dato 
Ant netter 
Ant rom 
Voksne 
Barn 

Fjellvandring i Balestrand 

Fjella i Balestrand er spektakulære! Du finn eit godt og variert turløypenett, som er godt merkt. Her kan alle finne ei løype som passar.

Løypene er også godt tilrettelagt med utsiktspunkt, benkar og bålplassar. Ein del av turane kan ein nå frå sentrum av Balestrand, andre ligg ein kort biltur unna.

Før ein legg ut på tur er det alltid lurt å snakke med kjentfolk enten på turistkontoret eller oss her på hotellet. Gode kart over turane er tilgjengeleg og anbefalt å ta med seg.

Me kan nemne eit lite knippe anbefalte turar:

Naturstien 0 -150 moh, passar dei aller fleste. Informasjons-plassar der ein finn informasjon om naturen og dyra som bur her.

Orrabenken 0 - 370 moh, stigning opp til benken med panoramautsikt over bygda og Sognefjorden, passar dei fleste.

Raudmelen 0 - 978 m.o.h, ein relativt tung tur opp fjellet bak sentrum av Balestrand. Ein kan raste både på Orrabenken eller litt lenger ved Buråasi (575 m.o.h) der ein kan nyte utsikten til Esefjella og Esefjorden. På toppen kan ein skue over store delar av midtre Sogn.

Saurdalen 920 - 650 moh er eit flott utgangspunkt for fleire turar. Ein kan gå korte turar i dalen eller legge ut på lengre turar oppover i variert natur. Dagstur frå Saurdal til Balestrand over Raudmelen er ein fantastisk tur for dei som er i god form.

Tjuatoten 0 -1098 moh, ein krevjande topptur med utganngspunkt i Dragsvik, 9 km frå sentrum. På toppen kan ein finne eit gamalt solkors og utsikten frå toppen er fantastisk.

Fossestien er ein vandreveg frå Gaularfjellet til Viksdalen. Ein går forbi 14 større fossar, deriblandt Likholefossen, og 7 fjellvatn. Turen går over 500 høgdemeter, passar for dei fleste og har 4 ulike startpunkt.