Booking
Frå dato 
Ant netter 
Ant rom 
Voksne 
Barn 

Vandring i Balestrand

Opphald med halvpensjon, turkart og matpakke.

Sommaren i Balestrand er fantastisk!

Her kan du nyte flotte toppturar i variert terreng. Utsikta frå dei høgaste toppane tek pusten frå deg! Balestrand har eit godt, variert og vel merka turløypenett der dei aller fleste vil finna eit passande alternativ. Nokre av stiane er informasjonsløyper der ein kan lesa om naturen og dyra som lever her.

Løypene er også godt tilrettelagt med utsiktspunkt, benkar og bålplassar. Mange er tilgjengelege frå Balestrand sentrum. Og etter turen? Då kviler du ut i rolege omgjevnader på terrasen eller i ein av våre salongar. Om kvelden kosar du deg med middag i vår storslåtte spisesal.

Spesialtilbod 10.05-15.09. 2013:

2 dagars opphald:

Kr 1405,- pr. person i standard dobbeltrom pr. døgn,
Kr 1655,- i enkelt standard rom pr. døgn

Prisen inkluderer turkart for Balestrand, 1 nistepakke med vatn, vårt rikholdige koldtbord med varme og kalde rettar begge kveldar samt frukostbuffet begge dagar.

Dette tilbodet er kun tilgjengeleg ved reservasjon via vårt Online System.

Dersom ein ikkje får opp ledige rom på online systemet ber me dykk ta direkte kontakt med hotellet, booking@kviknes.no.

 

 

 

Overnatting i Balestrand

Kviknes Hotel ligg rett ved kaien i Balestrand, idyllisk ved Sognefjorden. Kjem ein med ekspressbåten frå Bergen eller Flåm, er det berre 20 meter til hotellet. Vi møter deg på kaien og tar baggasjen din. Opplev Breane i Fjærland, Flåmsbana, Nærøyfjorden og fleire landskjente attraksjonar på dagstur frå Balestrand.