Booking
Frå dato 
Ant netter 
Ant rom 
Voksne 
Barn 

Det gode vertskap sidan 1877


På Kviknes Hotel strekkjer gjestgjevar- tradisjonane seg tilbake til 1752. Ole Kvigne overtok i 1877 saman med kona Kari og broren Knut . Frå då av starta ei rivande utvikling som har halde fram heilt til i dag. Heile tida har familien Kvikne vore vertskap på hotellet ved Sognefjorden. No er det ein ny generasjon som fører arven frå Ole og Kari Kvikne vidare. Sigurd Kvikne har den daglege leiinga, saman med syskena Marta og Kari.

Historie har alltid vore ein viktig del av opplevinga ved Kviknes Hotel. Generasjonane har teke godt vare på klenodium og kunstverk - og det har gitt hotellet sin spesielle sjel og atmosfære. 


-Vil du bli betre kjent med historia vår? Sjå fotogalleriet under.
-Vi ønskjer deg velkommen til Kviknes Hotel og Balestrand - sjå våre spesialtilbod.

Historia er ein del av opplevinga...

Ole Kvigne kjøpte Holmen Gjestgiveri i 1877. Gradvis vart dette utvida til Kviknes Hotel. Saman med kona Kari og broren Knut, bygde dei allereie i 1880 og seinare i 1884 og 1885 på gjestgiveriet.

Dei vestlandske fjordane blir på slutten av 1800-talet det nyoppdaga reiselandet, og Ole Kvikne innsåg at han måtte byggje eit "skikkeleg" hotell. Arkitekt Franz W. Schiertz teiknar hotellet, som står ferdig i 1890.

På byrjinga av 1890-åra auka trafikken med engelske og tyske turistar, og Ole Kvikne bestemte seg for å byggje eit nytt, stort hotellbygg 20-30 meter frå det første. I 1894 står det nye bygget klart.

I 1912 vart det gamle hotellbygget mot vest rive. Hotellet stod klart i 1913, og fekk no 200 sengeplassar. Den karakteristiske fasaden til det nye hotellet vart raskt eit landemerke for turistar i fjorden.