Velkommen til ei hyggeleg kunstoppleving!
Den unike samlinga av originalkunst som fyller veggane i hotellet har vore samla gjennom fire generasjonar. Sentralt i den store samlinga står kunstnarar som hadde eit forhold til Balestrand som motivkjelde. Kunstnarar som Hans F. Gude, Johannes Flintoe, Hans Dahl var faste gjester ved hotellet eller bygde seg hus i bygda. Ein eigen kunstkatalog med informasjon om kunstnarane er laga for gjester av hotellet.
Høyvik-salen er ein sentral del av hotellet, og er er verdig livsverk frå den unike kunsthandverkaren Ivar Høyvik. Heile salen er møblert av Høyvik.
-Les meir om kunstnarar i Balestrand
-Besøk Kviknes Hotel og få med deg ei kunstoppleving - sjå våre Spesialtilbod