Kunstnarar i Balestrand

Sentralt i den store samlinga står kunstnarar som hadde eit forhold til Balestrand som motivkjelde. Kunstnarar som Hans F. Gude, Johannes Flintoe, Hans Dahl var faste gjester ved Kviknes Hotel eller bygde seg hus i bygda. Vi er opptekne av at kunsten skal vere til glede for våre gjester. Ein eigen kunstkatalog som informerar om kunstnarane er difor tilgjengeleg for gjestene ved hotellet.

Balestrand vart på mange måtar skapt av kunstnarane som kom hit kring århundreskiftet og lot seg inspirere av staden og menneska. Nokre etablerte seg i sveitserhus, og bygga og manga av bileta frå denne tida er ein viktig del av Balestrand sin identitet i dag.

Kunsten lever vidare. Nokre er kunstnarar på heiltid, mange litt på si, medan andre kjem innom for å la seg inspirere no som tidlegare. Vil du oppleve kunst har kunstlaget fleire utstillingar gjennom året, hotella har til dels store samlingar, i Sognefjord Akvarium finn du galleri Munken med spesielle trebilete og på kaia Det Gyldne huset.

Solveig Haukås stiller ut og sel eigne emaljebilete og Magni Jensen og Geir Hjetland har utstillingar og sal av keramikk, skulpturar og installasjonar. Les meir om kunstnarane i Balestrand.

Knut Rumohr(1916-2002)

Kviknes Hotel har ei omfattande samling av Knut Rumohr.
Rumoht er fødd på Frønningen i Sognefjorden. Med unntak av kortare og lengre opphald i Oslo, har Rumohr vore busett i Sogn i heile sitt liv.
Rumohr vert til vanleg kalla målar, grafikar og teiknar. Han er i dag med sine skarpe og markante fargar, og si personlege abstrakte måling, den mest kjende og velrenommerte her i Sogn. Han er godt kjend i heile Noreg og utlandet, og er representert i mange kjende museum og galleri.

Aase Kvikne Bjordal (1921-2009)

Kvikne Bjordal var fødd og oppvaksen i Balestrand, og var dottera til Sigurd og Marta Kvikne, som eigde Kviknes Hotel. Ho var utdanna ved Statens Handverks- og kunstindustriskule i Oslo, Vestlandske kunstakademi i Bergen og Bergen kunsthandverkskule.Kvikne Bjordal fann motiva sine i det gamle bygdemiljøet. Teknikkar som kaldnål, akvatint, etsing og serigrafi passar godt til desse motiva. Ho har gjorde mange utsmykkings-oppgåver, og hatt mange utstillingar.

Roar Kjærnstad

Fødd i Stange, utdanna ved Royal Art Academy i Antwerben og med stor kjærligheit for Balestrand. Arbeider med oljemaleri, teikning og trykk.