Balestrand

Balestrand er kanskje det mest kjende landemerket ved Sognefjorden – verdas lengste fjord.

Bygda ligg vakkert til mellom høge, snødekte fjell i vakkert, frodig fjordlandskap. Her strekkjer tre fjordarmar seg inn i landet, med små grender som perler mellom fjord og fjell.

Med si sentrale plassering ved Sognefjorden, har Balestrand heilt sidan slutten av 1800-talet teke godt i mot gjester frå inn- og utland. Her kan du slappe av i fred og ro, gå på utstillingar, vera med på fjordcruise, eller du kan vera aktiv på tur i fjellet eller fiske i fjorden.

 

Balestrand har inspirert mennesker i fleire hundre år. Både kongar, keisarar og kunstnarar har gjennom mange generasjonar henta inspirasjon frå sine opphald i Balestrand.

 

Enkelte kunstnarar som kom hit på slutten av 1800-talet bygde sine eigne villaer i den særeigne sveitserstilen. Desse villaene er i dag med på å gje Balestrand si heilt spesielle atmosfære, og stemninga gjer at bygda også i dag står fram som ei bygd ein gjerne vil komma til.
 

Balestrand er kunstbygda i området, og her er fleire utstillingar i løpet av sommaren.


Men det er ein annan grunn til at Balestrand er blant dei mest kjende reisemåla i fjordNorge; Balestrand er det perfekte utgangspunktet for å kunne dra på opplevingsferd til dei mange attraksjonane langs Sognefjorden.


Opplev Balestrand – og bli inspirert!

 

Booking
 
        Logg inn  Kviknes Hotel - Kviknevegen 8 - Postboks 24, N-6898 Balestrand - Tlf: + 47 57 69 42 00  - Fax: + 47 57 69 42 01 - E-post