Om Kviknes hotel - perla ved Sognefjorden

På Kviknes strekkjer gjestgjevar- tradisjonane seg tilbake til 1752. Familien Kvikne som i dag eig hotellet, overtok i 1877. Frå då av starta ei rivande utvikling som har halde fram heilt til i dag.

 

Hotellet vart reist i sveitserstil. Mange nybyggingar, ombyggingar og utvidingar har ikkje gått ut over særpreget til staden. Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei største turisthotella i Noreg.

 

Lista over prominente gjester er svært lang. Keisar Wilhelm II av Tyskland var ofte gjest i Balestrand. Kongelege, keisarar, presidentar, statsministrar, filmstjerner og kunstnarar frå mange land er å finne på gjestelista.

Hotellet har samla ei menge kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.
 
 

Balestrand

Balestrand er kanskje det mest kjende landemerket ved Sognefjorden – verdas lengste fjord.

Bygda ligg vakkert til mellom høge, snødekte fjell i vakkert, frodig fjordlandskap. Her strekkjer tre fjordarmar seg inn i landet, med små grender som perler mellom fjord og fjell.

Med si sentrale plassering ved Sognefjorden, har Balestrand heilt sidan slutten av 1800-talet teke godt i mot gjester frå inn- og utland. Her kan du slappe av i fred og ro, gå på utstillingar, vera med på fjordcruise, eller du kan vera aktiv på tur i fjellet eller fiske i fjorden.

Les meir om fantastiske Balestrand..

 

 
 

 

 

Booking
        Logg inn  Kviknes Hotel - Kviknevegen 8 - Postboks 24, N-6898 Balestrand - Tlf: + 47 57 69 42 00  - Fax: + 47 57 69 42 01 - E-post