Booking
Frå dato 
Ant netter 
Ant rom 
Voksne 
Barn 

Standard rom i det moderne bygget frå 1960-talet

Standardromma i det moderne bygget er av to typar og ligg i dei lågare etasjane. Dei fleste romma har balkong.

Dobbeltromma, med eiga sittegruppe ligg mot vest og har delvis utsikt til fjorden, bygda og St. Olafskyrkja i tillegg til Raudmelen som ligg 972 m.o.h. Nokre av romma har queen-senger.

Twinromma, som er litt mindre og har separate senger, ligg mot aust og har delvis utsikt til fjorden, Sognefjord Akvarium og Tjugum Kyrkje i tillegg til dei spektakulære Esefjella.

Ein kan få rom med dusjkabinett, rom tilpassa rullestolbrukarar og rom utan tepper.

Fleire foto frå rom

Flott utsikt mot Esebotnen og Tjugatoten.

Moderne bad.