Booking
Frå dato 
Ant netter 
Ant rom 
Voksne 
Barn 

Selskap med stil

Kviknes Hotel og Balestrand har alt som skal til for at selskap av ulikt slag skal bli ei minnerik oppleving. Vår nye selskapsavdeling gjer at vi kan ta imot selskap med inntil 250 gjester.

Fryd for auge og gane

Det er ikkje nok med flott utsikt og atmosfære. Maten er ein viktig del av opphaldet, og ved Kviknes vert det lagt vekt på sanselege opplevingar som skal gje gode minner for livet. Vel du å leggje jubilêet eller selskapet til oss er du i dei beste hender. Kjøkkenet er internasjonalt, både når det gjeld dei tilsette og menyane. Me nyttar så langt det er mogeleg lokal mat når vi serverar den rikhaldige sommarbuffeten i spisesalen. Samtidig baserer kjøkkensjefen sine menyar på dei ferskaste råvarene, med Sognefjorden som eit ypparleg matkammer.

Eigen vinkjellar

Til god mat høyrer og god drikke. Om du ynskjer det finn gjerne restaurantsjefen akkurat den vinen som passar til kveldens meny, eller akkurat til den den menyen du har valgt. I den rikhaldige vinkjellaren vår finn ein meir enn 300 ulike vinar. Enten du sjølv vil velgje, eller om me set vin til den utsøkte menyen. Ein vil finne vinar frå verdas mest kjende vinprodusentar representert i hyllene. 

Vi har lang erfaring med store selskap og bryllaup. Vil du vite meir, ta kontakt med Kjetil eller Mariann på 57 69 42 00 eller epost: kurs@kviknes.no

 

Sjå fleire foto