Booking
Frå dato 
Ant netter 
Ant rom 
Voksne 
Barn 

Opplev Flåm og Flåmsbana frå Kviknes Hotel!

Balestrand ved Sognefjorden ligg ideelt til for at ein skal kunne oppleve alle dei store attraksjonane i fylket. Flåmsbana er berre 1,5 til 2 timars biltur frå Balestrand (inkludert ferje frå Dragsvik til Vangsnes) dersom du køyrer riksveg 13 over Vikafjellet til Vinje, og så vidare til Gudvangen og Flåm.

Du kan også køyre til Kaupanger og ta det som mest truleg er Noregs vakraste ferjetur inn Nærøyfjorden (som er på UNESCO si verdsarvliste), og så køyre frå Gudvangen til Flåm. Billettar til ferjeturen kan du reservere hos Fjord1 på denne lenkja.

Leigebil kan du anten leige i resepsjonen på hotellet eller bestille i vår online rombestilling.

Om sommaren frå 16. juni til 15. august kan ein mandag-fredag oppleve Flåmsbana ved å ta ekspressbåten om morgonen frå Balestrand, tilbringe dagen i Flåm, og returnere med båt til Balestrand om ettermiddagen. Billettar til båtturen kan du kjøpe på Turistkontoret her i Balestrand, eller ved å reservere plass på båten hos Fjord1 på epost booking@fjord1.no. Billettar til togturen kan du kjøpe på denne lenkja.

Les også: Flåmsbanen er kåra til "verdas beste togreise" av reisegiganten Lonely Planet Traveller.

Vi kan tilby opphald her hos oss som inkluderar matpakke og Balholm Eplejus som du kan ta med dersom du ønskjer å reise på dagstur til Flåm eller ein av dei andre spanande attraksjonane i området.

Vil du ha noko ekstra på rommet? Inkluder det lokale ølet frå Flåm i di bestilling, og det vil stå avkjølt på rommet når du sjekkar inn.

Sjå våre tilbod på vår online rombestilling, og bestill ditt opphald for å oppleve Flåm og Flåmsbana! Merk at opphaldet ikkje inkluderar togbillettar eller kostnader for reisa til Flåm. Billettar til Flåmsbana kan du kjøpe hjå VisitFlåm.

Spesialtilbod "Opplev Flåmsbana og Sognefjorden":





Andre prisar og tilbod: