1. mai, Esefjorden Rundt og lunsjbuffet!

I Balestrand er 1 . mai ein unik opplevelse. Kvart år vert mosjonsløpet Esefjorden rundt arrangert. Traseen er 8.4 km rundt den vakre  Esefjorden med bratte  fjell og speglblank fjord som ramme. En kan velje mellom aktiv eller mosjonsklasse. Les om løpet her: http://esefjorden.balestrand-il.no/?vis=pmld.  Nyt ein lang og god frukost i vår Spisesal før løpet,  opplev  mai dagen i vakre balestrand og  innta ein bedre middag om kvelden. 

Spesialtilbod på overnatting:

Heile denne helga (fredag - mandag) tilbyr me rimelig overnatting. Kun kr. 1390,- for dobbeltrom for to personar inkludert frukost! Kun tilgjengeleg i vår online booking (Du finn prisen under "Sesongtilbod").

 

Esefjorden Rundt lunsjbuffet 1. mai

I Samband med  Esefjorden Rundt 1. mai 2016, åpnar me spisesalen vår til lunsj. Me serverer ein deilig lunsjbuffet med eit stort utvalg av både varme og kalde rettar. Ta med deg familien og nyt god mat etter ein lang tur rundt Esefjorden. Det fortener du!

Lunsjbuffet kl. 13.30-17.00  i spisesalen på Kviknes Hotel
Pris: Kr. 395 for voksne, halv pris for barn t.o.m 14 år.
Bordbestilling på tlf.: 57 69 42 00 | epost: booking@kviknes.no