Balejazz 2017: 5. - 7. mai


Velkommen til Noregs vakraste musikkfestival!

Tenk deg ein blikkstille fjord. Tenk deg fjell med melis-toppar. Tenk deg tonar frå ein barytonsaksofon i ein hotellhage. Det er Balejazz!

Balejazz er årets høgdepunkt for musikkelskarar. Eit sydande folkeliv, konsertar både på hotellet og i Balestrand samt høg stemning lokkar tilreisande frå fjern og nær.
Steminga er høg, det høyres vakre tonar frå ulike lokalitetar og det er mange folk i den vesle bygda vår. Det betyr at årets Balejazz er i gang. Her møter ein gamle kjenningar og kan stifte nye bekjentskap. Musikken skapar ei ramme rundt vårens finaste helg og starten på ein ny sommar. For årets program sjekk www.balejazz.no. Programmet skal vera klart i slutten av mars.

Velkomen til konsertar og gode opplevingar i Balestrand!

www.balejazz.no

Spesialtilbod på overnatting:

Opphald inkludert frukost, middagsbuffet og lunsjbuffet laurdagen. Frå kr. 1745,- pr. person pr. natt i standard dobbeltrom. Kun tilgjengeleg i vår online booking.

Vi gjer merksam på eigne avbestillingsreglar under Balejazz. 

Skriftleg avbestilling innan 14 dagar før ankomst. 7-14 dagar: 50% gebyr. < 7 dagar: 90% gebyr. Ankomstdag: 100%.
Me ber om at de garanterer bestillinga med eit gyldig kredittkort.