Motbakkeløpet "Balestrand Opp" 2016

Motbakkeløpet Balestrand Opp: laurdag 17. september 2016.

Velkommen til Noregs vakraste motbakkeløp. 

Fjellet Raudmelen 972 moh ligg rett ovanfor Balestrand tettstad. Dette er målgangen i løpet som startar i hotellhagen vår heilt nede ved fjorden. Trasèen frå sentrum og til toppen er godt opparbeid og merka som del av eit variert stinett. Den T- merka stien vert nytta av bygdefolket for  turar i eit fjellområde med storslagen utsikt både over Sognefjorden, Esefjorden og Fjærlandsfjorden. På klare dagar kan du sjå toppane i Horrungane i horisonten mot øst.  I samband med løpet vert det aktivitetar og underhaldning  på og rundt hotellet både fredag, laurdag og sundag. 

For meir info sjå: www.balestrandopp.no

Foreløpig program:

Fredag 16. september:
Tid: kl. 18-20
1.Offisiell Opning
2.Henning Rivedal intervjuar Kristen Skjeldal
3.Presentasjon av "Djeeo" DNT sfj sitt skuleprosjekt v/Espen Bruun
4.Lysbileteforedrag v/Anne Rudsengen
Servering av godbitar

Laurdag 17. september:
Dans med Egil Eldøen m. band på Kviknes Hotel

Meir informasjon om løp og program kjem!

Spesialtilbod: 

Fra kr. 1170 pr. person for overnatting, frukost, middagsbuffet og dans! Kun tilgjengeleg i vår online booking.

 

 

 

Grupper / bedrifter kan kontakte oss på sales@kviknes.no for spesialtilbod og reservasjon.