Damenes helg i Balestrand!


 

Gjer deg klar for ei inspirerande helg med mote, skjønnheit og masse nytelse!

Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til damenes helg! Ei innhaldsrik helg med mote, foredrag, vinsmaking og underhaldning. Kr. 795,- pr. person for program, middag og vinsmaking. Sjå fullt program lenger ned på sida!

Damenes helg er no UTSOLGT! Det er mogleg å be om venteliste ved å sende ein epost til sales@kviknes.no.

Klikk her og følg med på Facebook-eventen for helga!

Me tilbyr og spesialpris på overnatting denne helga, til kun kr. 999,- pr. dobbeltrom pr. natt, og kr. 750,- pr. enkeltrom pr. natt.


Program:

Fredag 22. april

Manikyrist Anette Finholt legg gratis neglelakk (verdi kr 850,-)

Kl. 19.00
Champagne-velkomst på Kviknes Hotel.
Fiolinist Philippe Benjamin Skow spelar, vi skåler i boblande lykke og startar Damenes helg med stil. Manikyrist Anette Finholt legg gratis neglelakk (verdi kr 850,-) og makeupartist Theo Wintermark og hans team gir deg ein touch up på sminken.

Kl. 19.30
Stylistens beste hemmeligheiter avslørt!
Abby Boutique syner korleis du løyser alle kleskriser, ein gong for alle! 
Kjendisstylist Marianne Jemtegård avslører klestriksa du kan bruke for å vise deg frå di aller beste side - kvar einaste dag! Personleg veiledning og stylisthjelp til alle våre gjester.

Utdeling av goodiebags!
I butikken får du din eigen VIP-goodiebag: ein skikkeleg livsnytarpakke med Mariannes favorittprodukt. Alt du treng for å lokke fram divaen i deg denne helga!

Kl. 20.15
Vinsmaking
Vår franske sommelier guider deg gjennom vårens nye vinar med pasjon og kunnskap. Ein smakfull og fristande start på festaftenen.

Kl. 21.00
Middag med tapasbuffet, konkurransar, gavedryss og musikalsk innslag frå fiolinist Philippe Benjamin Skow. 

Kl. 21.30
Motevisning
Vårens moter for alle aldrar og fasongar! Bli inspirert og få klestips i vårt fargerike moteshow under middagen.


Kl. 23.00
Festen er igang!
Vi åpnar Natthuset for ein skikkelig jentefest med hitparade frå dei siste 40 åra. Ta på deg danseskoa og fest saman med DJ Marianne og hennar musikalske gjester.

 

Laurdag 23. april


Kl. 11.00
Trendforedrag med Marianne Jemtegård
Moteekspert Marianne Jemtegård gir deg siste nytt frå moteverdenen i ein underhaldande trendrapport.
Etter foredraget kan du melde deg på 30 minutters gratis personleg shopping med Marianne i Abby Boutique. Gjennom heile dagen vil moteeksperten hjelpe deg med å finne drømmeplagga som passar perfekt til nettopp deg!

Anti-age ekspert Kari Anne Eik fra Pure Skin Medical

Kl. 11.45
Anti-age: myter og sannheiter
Kjendisane sin eigen anti-age ekspert Kari Anne Eik fra Pure Skin Medical gir oss sine beste tips for sunn, ung og glødande hud. Ho bryt ned myter om anti age i eit spennande og morosamt foredrag. Etter foredraget gir ho gratis personlege hudpleiekonsultasjonar.

Kl. 12.30
Skjønnheit i alle aldrar
Makeupartist Theo Wintermark og negledesignar Anette Finholt avslører skjønnheitstriksa som bransjens beste nyttar for å gi ein vakker og velpleid utsjånad - kvar dag!

Kl. 13.30
Champagnelunsj
Vi serverer eit glas champagne og fingermat til alle våre gjester.

Kl. 14.30
Gavedryss hos Abby Boutique
Vi trekker vinnarar av helgas konkurransar og held eit stort gavedryss i butikken.