Familiejulebord 27. november

Foto: Erik Hoel

Foto: Erik Hoel

Me ynskjer store og små hjarteleg velkomne til vårt familiejulebord ved Kviknes Hotel, søndag 27. november!

Me opnar dørene kl. 14.00, og held opent til kl. 17.00.
Buffeten vår inneheld det meste som høyrer jula til av varmrettar, kaldrettar samt dessertar og kaker. Me har risengrynsgraut til borna. Me syner julefilm for dei minste, det vert spelt julemusikk, og kanskje kjem nissefar innom med ei overrasking til borna.

Program:
14.00: Dørene åpnar og buffeten står klar
Ca. 14.45: Julefilm/ tegneserie for dei minste blir vist i Kviknesalen
Ca 15.30: Overrasking til dei minste i Høyviksalen…
17.00: Dørene stenger

Prisar:
Kr. 395,- for vaksne
Kr. 195,- for born 6-14 år
Gratis for born 0-5 år

For bordbestilling: Ring 57 69 42 00 eller send e-post til booking@kviknes.no seinast onsdag 23. november.

Me ynskjer dykk alle saman hjarteleg velkomne til ei kjekk førjulstund hjå oss!

Helsing alle dei tilsette ved Kviknes Hotel