Haustferie


Nyt haustferien i Balestrand! Me tilbyr gode prisar på overnatting denne perioden.

Frå kun kr. 1155,- pr. person i dobbeltrom ink. middag og frukost!

Hausten i Balestrand er unik på mange måtar. Freden og roen i bygda er ein ting, men også den råe naturen rundt oss i haustfargar er eit vakkert syn. Fjelltoppane i Balestrand er godt tilrettelagt for turar, og resepsjonen vår hjelper dykk med turforslag og kart. Me tilbyr og nistepakkar og mineralvatn. Det vil bli guida fjellturar onsdag - laurdag (med forbehold om nok deltakarar). 

Fredag og laurdag held Ciderhuset, kjent for Balholm eplesaft, ope med gardsutsal. Dei tilbyr og kulturvandring i Balestrand (med forbehold om nok deltakarar).

Klikk her for bookingkalendar og dei beste prisane denne perioden.