AVLYST! "I skjemt & alvor" - ei forestilling med Jon Eikemo

 

AVLYST PGA. SJUKDOM! 5. mars: "I skjemt & alvor" - ei forestilling med Jon Eikemo

"I skjemt & alvor" er ei festforestilling kor Jon Eikemo har plukka fram sine aller beste monologar, revynummer og sangtekstar og leverer ei festforestilling frå A-Å.

 Fordi inga oppgåve har vore for stor eller for liten, har Eikemo lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet. Han viser at det er mogleg å bruke sitt eige språk på scena. Eikemo har vore tilsett ved seks av dei fremste teaterscenene i landet; sidan 1978 ved Det Norske Teatret. I tillegg til mange roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener. Orda har stor plass i Jon Eikemo si formidling. Å formidle ordkunst slik Eikemo har gjort i snart femti år, Jon Eikemo utgjer eit uunnverleg bindeledd mellom generasjonar og miljø av scenekunstnarar, regissørar og teaterinstruktørar i norsk teater- og filmhistorie. Han har òg vore ein av brubyggjarane mellom institusjonsteater og den frittståande scenekunsten.”
Tragedie eller komedie, barneteater eller modernistisk scenekunst, verdsklassikarar eller norsk folkekomedie - Jon Eikemo er ein av desse som har gjort teater til ei sak for folk flest. 

Showet er dessverre avlyst pga. sjukdom!