Back to All Events

Konsert med Leif-Ove Andsnes 24. juni 2018


andsnes.jpg
 

Leif Ove Andsnes  som solist med Orkesteret Fossegrimen i Kviknesalen søndag 24. Juni 2018

I Kviknesalen kl. 17.00
Billettpris: kr. 245,- pr. person
Buffetmiddag: Kr. 595,- pr. person
Overnattingstilbod: Frå kr. 1715,- pr. person i dobbeltrom ink. billett, middagsbuffet og frukost.

For bestilling av billett og evt. buffet: booking@kviknes.no / 57 69 42 00

Info om konserten: 

Med sine gjennomreflekterte tolkningar og imponerande teknikk har Leif Ove Andsnes som ein av vår tids aller fremste pianistar gjort stor lukke nasjonalt og internasjonalt. Han gir solokonsertar og er solist med dei fremste orkester verda over. Hausten 2017 og våren 2018 er han m. a. solist med Oslo og Bergen Filharmoniske Orkester, Bayerische Rundfunk Orchester i München, New York og London Philharmonic Orchestras, og han gir solokonsertar m. a. i Trondheim, London, Wien, Amsterdam, Leipzig, Milano, Lucern, Berlin og München. 

23. og 24. juni 2018 er Andsnes solist med Orkesteret Fossegrimen på Voss og i Balestrand, dette som avslutning på dette orkesteret sin 100 års jubileumssesong, På programmet står Wolfgang Amadeus Mozart sin kjende og populære klaverkonsert nr. 21 i C-dur. Ellers vil orkesteret framføra musikk av Edvard Grieg, Franz Schubert og Jean Sibelius. Dirigent er Dagfinn Rohde.

Som ivrig kammermusikar er Andsnes grunnleggjar og kunstnerisk leiar for Rosendal Kammermusikkfestival som han starta i 2016. Tidligare har han vore kunstnerisk leiar for Risør Kammermusikkfest.

Etter den enorme suksessen med hans «Beethoven Journey» for Sony Classical, er Leif Ove Andsnes i 2017 attende i studio for to nye innspelingar: eit  Stravinsky-album for to klaver saman med Marc-André Hamelin for Hyperion, og ei solo innspeling av Sibelius-klaverstykke for Sony Classical. Diskografien hans innheld meir enn 30 plater for EMI Classics - både solo, kammermusikk og konsertopptak, mange av dei bestseljarar - med eit repertoar som spenner frå barokken og fram til i dag.

Andsnes er Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden og æresdoktor ved Juilliard School of Music i New York og ved Universitetet i Bergen. 

Leif Ove Andsnes vart fødd på Karmøy i 1970 og studerte ved Bergen Musikkonservatorium under  den kjende tsjekkiske professoren Jirí Hlinka. Han har også fått uvurderlege råd frå den belgiske pianolæreren Jacques de Tiège, som saman med Hlinka i stor grad har påverka hans stil og filosofi som utøvar. Andsnes er kunstnerisk rådgivar ved Jiri Hlinka Piano Academy i Bergen, der han også  gir ein årleg masterclass.

Orkesteret Fossegrimen vart skipa i 1917 av lektor Erik Eggen ved Voss off. Landsgymnas og har vore i mest sammenhengande drift sidan. Det har i dag status som regionalt symfoniorkester for indre kommuner i Hordaland med Voss som vertskommune, og det har rundt 35 musikere i „alle aldrar“, både profesjonelle og dugande amatørar. Fast dirigent og kunstnerisk leiar er fiolinisten Dagfinn Rohde, til dagleg musikar i Bergen Filharmoniske Orkester. Fossegrimen har prøver kvar veke og gjennomfører vanlegvis fire ulike konsertprosjekt i løpet av sesongen med framføringar ulike stader i regionen. Orkesteret får fast årleg driftsstøtte frå Voss kommune og Hordaland fylkeskommune.
 

Earlier Event: May 4
Balejazz 2018