Showhelg med Heine Totland og Gisle Børge Styve


Frå fulle salar i Bergen til Kviknes Hotel i Balestrand! Det er ei stor glede å kunne ønskje våre gjester velkommen til ei showhelg de seint vil gløyme. 

Den ekstatiske duoen Heine Totland og Gisle Børge Styve kjem på besøk, og med seg har dei det elleville showet "Musikk e komme for å bli",  som har begeistra fulle salar i Bergen i haust og vår.  I showet  foreina dei nok ein gong sin musikalitet, humor, grenselause energi og rein skjær glede. Alle kan glede seg!

Denne helga kan me tilby showpakke med overnatting middag og frukost frå kr. 1910,-. Showbillett kjem utanom og kostar kr. 350,- pr. person. Kan tingast ved rombestilling her på nettsida etter ein har valgt rom i bestillinga. Merk: Showet går laurdag 3. oktober.

Showet startar kl. 18.30
Middag kl. 20.00

Sjå eigen Facebook-event her! 

"Musikk e komme for å bli" Fekk terningkast 5 i BT: http://www.bt.no/bergenpuls/Absolutt-kommet-for-a-bli-3235611.html

Heine Totland og Gisle Børge Styve har klart å etablere noko heilt spesielt. Utan eigentleg å ha gjort noko særleg meir saman enn å spele mange konsertar, har dei etablert eit stadig større og svært trufast publikum.Til saman har dei noko «magisk» som det er vanskeleg å sette ord på. Publikum er begeistra, og dei to vestlendingane gler seg over kvarandre og sitt publikum.

Dei har fylt viktige kulturhus som f.eks. Drammens Teater, Festiviteten i Haugesund, Logen i Bergen, Sandnes og mange fleire, mange gonger. Seinare har dei også gjort seg bemerka med ein fantastisk versjon av «Bohemian Rapsody».