Showhelg med Tenorane og Steffen Horn

TEN_plakat_skjerm_NY.jpg

Tenorane med ein Horn i sida 8. oktober kl. 18.30

Ei førestelling smekkfull av klassiske perler, sjølvironiske betraktningar, ein slump alvor og store mengder humor. Vakker song blir avløyst av sjølvironisk harselas over eigne divanykker. Ærlege refleksjonar over eigne liv går hand i hand med ville historiar om usannsynleg kjærleik. 

Publikum får oppleve vare og kraftfulle tonar, spenstig koreografi, humørfylte sprang og ei mengde overraskingar. 

SJÅ VIDEO!

Regissør og koreograf Tomas Glans har jobba fram showet saman med Tenorane. Andreas Birger Johansen har skreve manus, og Ingrid Bjørnov, Tore Nysæther, Ragnar Hovland, Arnt Birkedal og Per Olav Kaldestad bidrar med tekstar og Teodor Janson har bidratt med regi og koreografi.

Konsert kl. 18.30. 
Middag kl. 20.00. 

Bli oppdatert på vårt Facebook-arrangement!

Billett kr. 275,- pr. person
Billett og middag kr. 695,- pr. person
For booking av billett og middag: booking@kviknes.no / 57 69 42 00

Spesialtilbod med overnatting, frukost, middag og show:

Frå kr. 1335,- pr. person ink. overnatting, frukost, middag og showbillett.
Antall billettar vel du på slutten av bookingprosessen.
KUN TILGJENGELEG I VÅR ONLINE BOOKING!


Pressen har sagt:

"Dei tre Tenorstemmene var som balsam for sjela, som ren fløte - ubeskrivelig vakkert. Skriv Namdalsavisa og fortsetter med: "Moderne og klassiske perler kom på rekke og rad, og da de fremførte en Beatles- klassiker som var oversatt til norsk, ønsket vi at de ikke skulle slutte å synge." 

“Tenorar i storform”, skreiv avisa Kvinnheringen etter førpremieren i Baroniet Rosendal, og lovpriste variasjonen som journalisten meinte tok publikum inn i heile følelsesregisteret.

"Lattermuskler og ører fikk svært god valuta" (Terningkast 5) skreiv Tom Skjeklesæther i Halden Arbeiderblad etter premieren i august.

"Showet er ei perle, underhaldande og ikkje minst nydeleg å høyre på frå start til slutt" Håvard Hammerstrøm, Bømlo-Nytt.

"En konsertopplevelse av det sjeldne slaget" Berit Steen arrangementssjef Oseana Kulturhus

"Aldri før har me sett denne gjengen finne på så mange ablegøyar som i kveld, og dei gjorde det med stor musikalitet - og i mange forskjellige sjangre med norske tekstar, kjempebra!" Skriv Fitjarposten.

"Sangerne og pianisten bød på seg selv, var selvironiske og humoristiske og fremførte vakre sanger mens de kommuniserte og flørtet med publikum" Skriv Stjørdalens Blad.