Teateret "Dødsdansen"


- der middagen er ein del av forestillinga!

10. oktober kan me ønskje velkommen til teateret "Dødsdansen" på Kviknes Hotel. Dette blir ein kveld kor me kombinerer kultur med lokale smakar i form av ein 4-retters meny. Begrensa antall plassar!

Teater og 4 rettars middag: kr. 945,- 
Teater, 4 rettars middag og overnatting i db pr. person: kr. 1.445,- 
Enkeltromstillegg kr. 250,-.

Om stykket: 
Dødsdansen av August Strindberg blei skrive i 1900, og stykket er like aktuelt i dag. Kjærleik går aldri av moten, det gjer heller ikkje hat.

Handlinga er lagt til heimen til eit ektepar, som vi godt kan seie er kvarandre sine fangevaktarar. I 25 år har ekteparet hatt som hobby å plage kvarandre, for ikkje å bli galne av keisemd. Sidan dei bur svært isolert til, er dei gjensidig avhengige av kvarandre sitt selskap. Når ein felles barndoms- og ungdomsven dukkar opp, kjem òg alt kjærleikshatet til overflata. Gjesten sitt besøk utløyser ei katastrofe, men når slaget er ferdig utkjempa vil dei heller leve saman, framfor å ta i mot sjansen dei får til å bryte med kvarandre og det livet dei lever.

Dødsdansen er eit trekantdrama som handlar om forholdet mellom mannen og kvinna. Den evige kampen, den evige dødsdansen, som truleg har pågått så lenge menneske har eksistert. Men så lenge ein fortset å kjempe og slåss, og ikkje minst danse - så er det håp.
 

AV
August Strindberg

Til Norsk ved
Margunn Vikingstad

REGI
Bodil Kvamme

SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN
Åse Hegrenes

MEDVERKANDE
Anne E. Kokkinn
Kyrre Eikås Ottersen, Jeff Pedersen