Frå Balestrand til Urnes stavkyrkje på dagstur

Urnes-stavkirke-med-kirkegård.jpg

Den vakre kyrkja er på UNESCO si verdsarvliste og ligg ikkje langt frå Kviknes Hotel.

Urnes stavkyrkje er ei vakker, gammal kyrkje i heiltre. Den ligg nydeleg til med utsikt over Lustrafjorden innerst i Sognefjorden. Kyrkja er einaste av sitt slag på UNESCO si verdsarvliste, der ho står saman med berømte attraksjonar som den store Kheopspyramiden og Stonehenge.

Kyrkja ligg ikkje meir enn to timar frå Balestrand, og bilturen dit gir deg ei vakker utsikt over Sognefjorden.

Frå vikingtida

Urnes stavkyrkje har ein heilt eigen særmerka stil med sin nordportal og sine gavlar. Dette har gitt namn til «Urnesstilen», ein kunststil og motivkrins som vart nytta i både vikingtida og tidleg kristen mellomalder. Stilen er kjenneteikna ved flotte utskjeringar av høg kvalitet, med stiliserte dyr i kamp med kroppane samanfiltra.

Dei utrulege treskjeringane og omfattande innvendige dekoren, gjør ho heilt unik. Kyrkja er bygd rundt år 1130, men dei spesielle utskjeringane på nordportalen kjem frå ei eldre kyrkje. Dette gjer ho til ein av dei eldste stavkyrkjene i Noreg.

utsmykkinger-Urnes-stavkirke.jpg
Stavkyrkja utgjer ein av dei mest detaljerte og teknologisk avanserte typar trekonstruksjon som eksisterte i Nord- og Vest-Europa i middelalderen.
— Frå UNESCO sine nettsider

Ta eit stopp i Solvorn

Kyrkja tilhøyrar garden Urnes som ligg på sørsida av Lustrafjorden i Sogn og Fjordane. Frå Balestrand tek du fergja over til Hella og køyrer mot Sogndal. Frå Sogndal tek du vegen mot Gaupne, og svingar til høgre mot Solvorn like før du passerer Hafslo.

Må du vente på ferja i Solvorn, skal du vere takksam. Då får du tid til å vandre blant dei gamle små husa langs stranden og besøke Galleri Walaker som ligg vakkert til med eit romantisk preg. Galleriet er ein del av Walaker Hotel, ein av våre gode vener hos «De Historiske Hotel & spisesteder».

Her finn du òg mykje historie. I andre etasjen av galleriet finn du rosemaling frå den gamle kyrkja i bygda.

Åpent kvar dag i sesongen

Ferja over fjorden tar ikkje mange minuttane. Når du er over, ser du kyrkja. På Urnes gard ved sida av kyrkja er det ein kafeteria, der ein også til tider kan få kjøpt nyplukka frukt og bær frå dei frodige hagane kring Urnes.

Sesongen for å besøke Urnes stavkyrkje er frå mai til september, mellom klokken 10.30 til 17.45. Kafeen på Urnes gard er open frå juni til august mellom 11.00 og 17.30.

Sjå våre spesialtilbod!

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: