«Frost-kyrkja» bærer på ei utruleg kjærleikshistorie

Frozen-kirke.jpg

- Ungane kjem hit med store auge.

Har du sett Disney-filmen Frost, eller Frozen, har du allereie vore i den vakre kyrkja. I Balestrand vest i Noreg, ligg ho. Kyrkja som er så godt som identisk den kyrkja der Disney-prinsessa Elsa blir krona til dronning.

Men kyrkja er ikkje berre vakker, den bærer òg på ei utruleg kjærleikshistorie.

Bygde kyrkja til si avdøde kone

Kyrkja blei bygd etter ynskje frå Knut Kvikne, ein aktiv og stille mann som saman med broren dreiv Kviknes Hotel. Han fann sin store kjærleik i den engelske fjellklatraren Margaret Sophia. Prestedottera kom på besøk i Balestrand i 1888, og blei gripen av den kjekke hotell-eigaren der han farta rundt og viste fram fjella til turistane. 

Dei to gifta seg, men fekk ikkje meir enn fire år saman før Margaret døydde av tuberkulose i 1894. Av rein kjærleik, og som lovnad før han mista si kone, bygde Knut ei kyrkje i Balestrand: St. Olaf Church.

Ei engelsk kyrkje til ære for sin engelske kjærleik. Med tårn, spir, skifertak og ovale vindauge med dei vakraste glasmaleria.

Knut og Margaret Sophia Kvikne.

Knut og Margaret Sophia Kvikne.

St. Olaf Church i Balestrand er nesten heilt lik Disney-kyrkja innvendig. Elsa i Disney-filmen"Frost" blir krona til dronning i denne kyrkja.

St. Olaf Church i Balestrand er nesten heilt lik Disney-kyrkja innvendig. Elsa i Disney-filmen"Frost" blir krona til dronning i denne kyrkja.

Inspirasjon til Disney-film

Den over 100 år gamle, brunmalne kyrkja er like vakker i dag. Ho ligg idyllisk til mellom majestetiske fjell og den magiske Sognefjorden, like bortanfor Kviknes Hotel. Ei så sjarmerande lita kyrkje, at sjølv Disney-teamet har latt seg imponera. 

Då dei skulle finne inspirasjon til den Oscar-vinnande filmen Frost, drog dei på synfaring i Balestrand i fleire dagar.

- Dei fekk sjå kyrkja og blei begeistra. I tillegg har dei brukt dragestils-mønsteret vi har på hus og bygningar rundt oss, til å dekorere kleda i filmen. Det synes vi er stas, fortel Kari Kvikne, oldeborn av bror til Knut.

Bra for Noreg

Som fjerde generasjon Kvikne er Kari stolt av familiehistoria. 48-åringen synest det er fantastisk at vaksne og born i heile verda får sjå og lære om den lokale kyrkja. At dei får innsyn i den norske kulturarven. 

- Nå veit ein heil generasjon kva Noreg er for noko. Ungar i heile verda får betre kjennskap til ei annan verd med snø og kulde.

- Ungane som har vore her står igjen med store auge. Vaksne som har sett filmen synes det er morosamt at kyrkja er så lik. Dei som ikkje har sett filmen, seier dei skal heim å sjå han, fortel Kari.

Ynskjer du å besøke St. Olaf Church i Balestrand? Ta gjerne kontakt.

Sjå vårt tilbod "Opplev Walt Disney's Frozen i Balestrand"!

Kyrkja ble innvigd den 18. juli 1897.

Kyrkja ble innvigd den 18. juli 1897.

Kyrkja i dag.

Kyrkja i dag.

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: