Utsikten på Gaularfjellet gir deg eit skikkeleg sug i magen

Når du kikkar over kanten på betongsnippen, som er støypt ut i løyse lufta, ser du 700 meter rett ned i dalen!

Utsikten har alltid vore der, på toppen av svingane opp Gaularfjellet frå Balestrand. Du ser utover Vetlefjorden med høge fjell på 1500 meter i bakgrunnen. Men den vesle plattingen som pleidde å vere der, er bytta ut med spenstig arkitektur.. Ei utsiktsplattform som verkeleg skal sette sommarfuglane i gong.

- Dette skal gi folk ein wow-effekt. Det skal vere litt skummelt, fortel Trine Kanter Zerwekh i Statens vegvesen.

Ein meir populær turistveg

Gaularfjellet er ein av 18 Nasjonale turistveger, men har vore mindre kjend enn attraksjonar som Geiranger-Trollstigen og Atlanterhavsvegen. Med Utsikten som opnar i juni, vil den vakre vegstrekningen i Sogn og Fjordane få opp merksemda kraftig.

- Dette vil gi eit stort løft for Gaularfjellet, som vil få eit av dei mest spektakulære utkikkspunktane som er bygde i Noreg. Nasjonale turistveger sitt særpreg – spektakulær arkitektur i storslått natur – kjem verkelig til sin rett her, seier Kanter Zerwekh, som har ansvar for profilering og reiselivskontakt.

Oversiktsbilde av den nye utsiktsplattformen. Foto: Eivind Nygaard, Code AS.

Oversiktsbilde av den nye utsiktsplattformen. Foto: Eivind Nygaard, Code AS.

Ein av dei tre snippane. Foto: Eivind Nygaard, Code AS.

Ein av dei tre snippane. Foto: Eivind Nygaard, Code AS.

Toler fleire bilar og bussar

Betongflaket er bygt ut over fjellkanten, med ein betongsnipp som svevar 18 meter ut frå fjellveggen utan understøtte, 700 meter over havet. Totalt er betongplattingen 850 m2 stort, og den lengste sida er 50 meter lang!

- Omkring halvparten av flaket er køyrbart for bilar og bussar. Denne delen ligg på bakken. Delen som ligg utanfor kanten er for fotgjengarar, fortel arkitekt Eivind Nygaard i Code AS.

Heile flaket er nesten ein meter tjukt. Med 80 centimeter betong kan ein ta ut hol og trappetrinn utan at det rasar saman. Nygaard fortel at alt regnvatn frå flaket skal renne ut gjennom eit hol i snipp 1. Dette vil bli eit kunstig lite fossefall når det regner mykje.

Modell av ferdig prosjekt. Bygging starta i 2014 og skal stå klart juni 2016. Modell: Code AS

Modell av ferdig prosjekt. Bygging starta i 2014 og skal stå klart juni 2016. Modell: Code AS

Fleire solcellepanel er montert på den eine snippen og vil få nok sol til å drifte vatn til toalett og belysning til området. Foto: Henden Elektro AS

Fleire solcellepanel er montert på den eine snippen og vil få nok sol til å drifte vatn til toalett og belysning til området. Foto: Henden Elektro AS

40 minuttar frå hotellet

Turen opp til Utsikten tek ikkje meir enn 40 minuttar frå Kviknes Hotel. Etter du har roa sommarfuglane i magen, kan du fortsette langs Gaularvassdraget. Dette er eit verna vassdrag som vil gi deg alt frå ville stryk og fossar til rolege parti der vatnet flyt stille. Ta gjerne beina fatt om du verkeleg vil kjenne på nærleiken til naturen.

Vidare kan du kombinera turen med lunsj/middag og operaførestilling på Åmot Operagard, ei historisk perle i Bygstad. Dette er ei oppleving der alle sansar blir ivaretatt. Følg turistvegen over Gaularfjellet mot Sande. Deretter er det omkring 13 kilometer til Åmot Operagard. Du får fantastisk vestlandsnatur, akkompagnert av gode historier, vakre tonar og smakfull gastronomi.

Dette er ein uforgløymeleg dagstur for deg som vil oppleve noko heilt spesielt. Spør oss, så hjelper vi deg å planlegge turen.

 

 

Gaularfjellet, ein av 18 Nasjonale turistveger. Kart: najonaleturistveger.no

Gaularfjellet, ein av 18 Nasjonale turistveger. Kart: najonaleturistveger.no

Kombiner lunsj/middag og operaførestilling. Foto: Åmot Operagard

Kombiner lunsj/middag og operaførestilling. Foto: Åmot Operagard

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: