Opplev vakre Nærøyfjorden på tur til Flåm

Kombiner UNESCO-attraksjonen med lokal ølsmaking.

Skal du bu hjå oss på Kviknes hotel i Balestrand er det verdt å ta turen til Flåm. Du får oppleve kontrastfylte fjell og fjordar, du kan smake lokalt øl og ta ein uforgløymeleg togtur med Flåmsbana.

Ta båt eller bil

Om sommaren kan du ta båt frå Balestrand til Flåm. Båten går kvar dag klokka 08:30 og dreg tilbake 15:30 (kjøp billettar om bord). Med båten kan du verkeleg nyte dei høge fjella og den majestetiske fjorden på nært hald. Med lukta av sjø og vind i håret blir det ein sanseleg oppleving.

Du kan òg ta bilen til Flåm, over Vikafjellet eller gjennom Lærdalstunnelen. Begge vegane byr på vakker natur og tar rundt 2,5 timar.

Nærøyfjorden - smal og spektakulær

Uansett framkomstmiddel må du oppleve Nærøyfjorden. Det er ikkje utan grunn at UNESCO har vald å ha han på si verdsarvliste. Med ville fossefall og stupbratte fjellsider på opptil 1800 meters høgde, vil Nærøyfjorden ta pusten frå dei fleste. Denne sidearmen til Sognefjorden er omkring 17 kilometer lang. Kjem du med bil, kan han opplevast med ein båttur frå Flåm.

flåmsbanen.jpg

Panoramautsikt med Flåmsbana

I tillegg kan du oppleve den kjente Flåmsbana. Dette er ei av verdas mest spektakulære togreiser, og ein av de største attraksjonane i Noreg. Toget køyrer frå enden av Aurlandsfjorden og opp til høgfjellet ved Myrdal stasjon. Du stig frå havnivå i Flåm, til 870 moh på Myrdal stasjon. Dette er ein togtur med panoramautsikt over noko av den villaste og mest storslåtte naturen i norsk fjordlandskap.

Sjå rutetabell og prisar.

Lokalt øl frå Ægir Bryggeri

Før du reiser tilbake til Balestrand bør du besøke Ægir Bryggeri. Ikkje berre har dei fått fleire prisar for sitt gode øl, dei har ein pub på kaien som er kåra til «Årets bryggeripub» tre år på rad. Du kan òg bestille ølsmaking i Gildehallen - eit storslått bygg i vikingstil med dragehovud og ein ni meter høg peis.

Ønskjer du meir aktivitet kan du utforske Flåmsdalen til fots eller dra inn i vakre Aurlandsdalen og ta deg ein lengre fottur.

Spør oss gjerne, så hjelper vi deg med planlegginga.

Sjå våre spesialtilbod på overnatting!

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: