Prøv vinsmaking i Sognefjordens beste vinkjellar

  Sigurd Kvikne har blitt lideskapeleg oppteken av vin.

Sigurd Kvikne har blitt lideskapeleg oppteken av vin.

Då Sigurd Kvikne fekk kjeft for dårleg vinutval på Kviknes Hotel, melde han seg på kurs – og vart lidenskapeleg oppteken av vin.

Det er slik Sigurd Kvikne fortel det sjølv. Korleis Kviknes Hotel har ordna eit så ettertrakta vinkart. I dag kjem det turistar frå heile verda for å smake på dei spesialtimporterte vinane, satt saman med spennande, lokale rettar.

– For det handlar ikkje berre om vin. Det er kombinasjonen med mat som gjer det så moro, korleis ein vin kan smake så annleis saman med mat, fortel Kvikne, dagleg leiar på Kviknes Hotel.

I dag får han mellom anna høyre: «jøss, finnast det så flotte vinkart på landet?». Det har òg landa helikopter utanfor hotellet, med gjester som kjem for å smake på vinen dei tilbyr.

Fekk kjeft av kollega

Kviknes Hotel er ei perle langs Sognefjorden. Familiehotellet held til i Balestrand og har alltid vore kjent for si historie og sin gode mat basert på lokale råvarer. Men før var vinutvalet stort sett basert på «rødt» og «kvitt».

– Eg hadde ein kollega som meinte at vi ikkje kunne ha det slik. Med så god mat var det uhøyrd med eit så labert vinutval. Så då vi var på salsmesse i London, tok han meg med på ein restaurant og ga meg ei innføring i korleis god vin skal smaka. Då gjekk det eit lys opp for meg, fortel Kvikne.

Balestrendingen fekk lyst til å lære meir, og melde seg på kurs på sommelierutdanninga i Stavanger. Med fleire turar til ulike vindistrikt, har han etter kvart opparbeida seg mykje kunnskap. I dag er vin ei så stor interesse at han helst bestiller inn vin som ikkje finnast i normalutvalet på Vinmonopolet.

Mykje glede i vinsmaking

Sigurd Kvikne held vinkurs for dei som vil, for å gje litt av den same gleda han har. Og uansett målgruppe, opplever han at folk blir glad av å vere på kursa hans.

– Folk lærer små, praktiske ting som gjer smaksopplevinga mykje betre. Mellom anna temperatur, serveringstips og lukt. Og så blir folk så glad når dei drikk god vin.

Kurs og konferanse

Ta neste bedriftssamling på Kviknes Hotel og prøv vinsmaking i Sognefjordens beste vinkjellar. De får smake ulike vinar som gir ei kjensle av kva som matchar og ikkje. Det blir gitt litt basiskunnskap om vin, kva druer som passar til kva mat og nokre tips om korleis du kan finne den beste matchen mot god mat. 

– Det er jo personlig dette med vin. Kvar enkelt kan ha forskjellig oppleving, men vi har mykje kvit Burgund her då det er mitt favorittdistrikt. Og så likar eg vin frå Toscana og Piemonte. Det er også byrja å komme mange spennande vinar frå USA, fortel Kvikne.

Vinlista vår er Sognefjordens største og mest innhaldsrike. Her finn du garantert vinen som passar til kveldens buffet eller vår utsøkte 4-rettars meny. Totalt over 300 forskjellige vinar skulle være nok til å finne akkurat den som passar.

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: