Tør ikkje ta «Sognefjord-sandwich» av menyen

Kjøkkensjefen på hotellet syner fram Sognefjordsandwichen.

Sandwichen er blitt så populær at kjøkkensjefen ikkje tør anna enn å behalde han på menyen.

- Det er som ein skikkeleg saftig club sandwich, med sjøkrepsar frå fjorden og lokale råvarer frå Balestrand, fortel Sigurd Kvikne, dagleg leiar på hotellet.

Det var han sjølv som kom på ideen. På tur i Berlin fekk han servert ein sandwich med hummar på eit kjent hotell. Han drog heim til kjøkkensjefen med klar beskjed: Dei måtte lage ein egen, lokal vri. For dette var utruleg godt.

- Her i fjorden har vi tilgang på veldig gode sjøkreps. Dei blir fiska i Solvorn, og nokon i Fjærlandsfjorden. Under to timar etter dei er fiska, har eg dei på kjøkkenet. Ferskare blir det ikkje, fortel Alfred Kerschbaumer, kjøkkensjef på Kviknes Hotel.

Sel fleire hundre kvart år

Dermed vert det sandwich av sjøkreps frå Sognefjorden, med ramsløk frå Bygdekvinnelaget i Vetlefjorden og sjølvsagt godt, ferskt brød. Med salat og raudløk er sandwichen så smakfull og eineståande at hotellet i Balestrand begynner å bli kjent for han.

- Vi lagar fleire hundre av denne sandwichen kvart år. Den er kjempepopulær. Så populær at vi ikkje tør å ta han av menyen, fortel Kerschbaumer.

Lokal mat

Kviknes Hotel er opptekne av lokal mat og ønsker å bruke alt dei kan få tak i frå bønder og matprodusentar i nærleiken. Alt av bær og frukt er frå Balestrand og Leikanger, blant anna plommer, bringebær og blåbær. Røyelaks frå Balestrand. Breiflabb og kveite frå ein lokal yrkesfiskar. Kalvar og oksar frå lokale bønder. Sopp frå skogen. Berre sesongen bestemmer kva som er tilgjengeleg.

- Vi ønsker at turistane som kjem hit skal få norsk mat frå Noreg. Og så er dei norske råvarene av ein utruleg kvalitet, seier kjøkkensjefen frå Østerrike, som kom til Noreg første gong i 1992.

Sommarmeny

Kvar månad gjennom sommaren serverer Kviknes Hotel deg ein ny fire retters middag, av dei gode, lokale råvarene. Det er mykje fokus på sjømat, både fisk og skaldyr. Og så får du anbefalt dei beste vinene frå Sigurd Kvikne, som er lidenskapeleg oppteken av vin.

- Om sommaren går det mykje god kvitvin. Mest frå Frankrike og eg pleier å anbefale ein god burgund til sjømat med mykje smak. Vi har vår eigen husvin med bilde av hotellet på etiketten, fortel Kvikne.

Hotellet sin eiga raudvin.

Hotellet sin eiga raudvin.

Hotellet sin eiga kvitvin.

Hotellet sin eiga kvitvin.

Baksida av vinflaska.

Baksida av vinflaska.

 

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: