Tre dagsturar i Balestrand du må oppleve

vindreken-i-midten.jpg

Dei høge fjella betaler deg med ein utruleg utsikt.

Balestrand er ei fjordperle ved Sognefjorden, omringa av dei vakre Esefjella. Den vesle plassen har vore fyrsteval for keisarar og kongar, kunstnarar og fotografar. Måleri av fjellkjeda heng både på Slottet og i Nasjonalgalleriet, og skal vere den mest måla fjellkjeda på Vestlandet. 

Majestetiske fjell tilbyr opplevingar og turar der du kan vandre frå null til godt over 1000 moh. Desse turane krev at du er vande til å gå i fjellet og er førebudd på å vere ute heile dagen.

1. Vindreken (1273 moh.)

Vindreken er kanskje det mest spektakulære fjellet i Balestrand. Turen er godt merka med start frå Ese i Balestrand, og skal vere den brattaste merka ruta i Balestrand. Det er likevel trygt å gå denne turen. 

Fremste toppen er på 1259 moh. Vidare passerer du nokon vardar før du når bakarste topp på 1273 moh. Her får du ein formidabel utsikt over ville fjell og fjordarmar kring Balestrand. Turen tek sju til åtte timar, alt etter form og tempo. Du bør unngå turen i dårleg ver.

Les meir om turen.

2. Saurdal - Balestrand (1136 moh.)

Dagstur-Saurdal2.jpg

Turen går høgt over Sognefjorden og gir fantastisk utsikt i alle retningar. 

Start i enden av vegen ved Saurdal skiarena, drygt 14 km frå Kviknes Hotel. Køyr sju km mot Høyanger, før du svingar av mot Saurdalen. Stien går gjennom fjelldalar, vassdrag og til fjelltoppar. Heile ruta er godt merka med raude merke. Frå toppen går du ned same veg, men tar mot nordaust til Raudmelen. Herfrå går stien langs ryggen heilt ned til Balestrand. Dette er ein tur på rundt sju timar, der du kan bestille transport til startpunktet. 

Les meir om turen.

3. Tjuatoten (1098 moh.)

Tjuatoten er ein topp som gir deg ei fantastisk utsikt over Sognefjorden, både mot Stølsheimen og innover mot Fjærland og Leikanger. Her kan du få eit skikkeleg sug i magen.

Turen startar på Dragsvik, drøgt ni km frå Kviknes Hotel, og er ein relativt tung og krevjande tur. Turen opp blir betala med ei heilt fantastisk utsikt, og på topplatået kan du finne ein gamal solkross. Frå Balestrand kan du komme seg til Dragsvik med buss, båt, bil eller til fots. Vi kan hjelpe deg med transport om det er ynskjeleg. Turen tek cirka sju timar. 

Les meir om turen.

Bestill vår «vandrepakke»

Ta gjerne kontakt, så hjelper vi deg med transport og gode tips til turen. Vi har òg ein «vandrepakke» der vi tilbyr gode turmuligheiter med to dagars opphald på Kviknes Hotel. Frukost og middag i vår storslåtte spisesal er inkludert, og sjølvsagt matpakke og turkart til turen.

Les meir om vår «vandrepakke».

Sjå også: Tre kortare turar i Balestrand du må oppleve


Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: