Tre kortare turar i Balestrand du må oppleve

Du treng ikkje gå så langt for å få den fantastiske utsikten. 

Du treng ikkje vere fjellvandrar for å nyte fjella. Balestrand har ein heil haug med kortare turar om du er mindre vande til å gå i fjellet, ikkje har heile dagen eller vil ha ein barnevennleg tur.

1. Kreklingen natursti

Dette er ein fin runde på nokon kilometer. Du kan velje kor lang eller kort du vil gjere den. Undervegs finn du informasjon om flora og fauna, laga til for både born og vaksne. Høgaste topp på 250 moh vil gi deg ei fin utsikt over Balestrand. Dette er en tur på mellom to og fire timar, alt etter kva form ein er i og kva rute ein vel. 

Les meir om turen.

2. Buråsi (mot Raudmelen) 

Buråsi er ein del av motbakkeløpet Balestrand Opp, og er ein fin tur dei fleste kan klare. Noko bratt, men ikkje for lang. Turen tek eit par-tre timar, der du går opp og ned same veg. På toppen får du ei fantastisk utsikt over Sognefjorden og Esefjella.

Turen startar ved Belehalli, på same stad som dei merka naturstiane. Vel raud løype mot Raudmelen. Etter ei forholdsvis bratt stigning, har du muligheit for ein pause ved Orrabenken på 370 moh. for å nyte utsikten. Etter Orrabenken følger du stien oppover til du når Buråsi. Her er du på 575 moh og har god utsikt over Balestrand og Sognefjorden. Ønskjer du ein lengre tur, kan du fortsette vidare opp mot Raudmelen (972 moh). Utsikta bli meir magisk jo høgare du kjem!

Les meir om turen

3. Fossestien

Fossestien er ein vandreveg på Gaularfjellet med 14 større fossar og sju fjellvatn. Turen har fleire startpunkt, så du kan tilpasse turen etter ditt behov. Du må kjøre ein liten time frå Balestrand, men får spektakulær natur å utforske og kan gå tur/retur. Du får eit fint og vennleg terreng med rikt dyre- og fugleliv, og kulturlandskap med aktive gardsbruk. Ein lett tur som passar for dei fleste. 

Les meir om turen.

Bestill vår «vandrepakke»

Ta gjerne kontakt, så hjelper vi deg med transport og gode tips til turen. Vi har òg ein «vandrepakke» der vi tilbyr gode turmuligheiter med to dagars opphald på Kviknes Hotel. Frukost og middag i vår storslåtte spisesal er inkludert, og sjølvsagt matpakke og turkart til turen.

Les meir om vår «vandrepakke».

Sjå også: Tre dagsturar i Balestrand du må oppleve

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: