Utsikten på Gaularfjellet med rekordinteresse frå utlandet

Foto: Trine Kanter Zerwekh/Statens vegvesen

Foto: Trine Kanter Zerwekh/Statens vegvesen

Over halvparten av førespurnadene Nasjonale turistvegar fekk frå utlandet i fjor, omhandla den nye attraksjonen på Gaularfjellet.

Det fortel Trine Kanter Zerwekh frå Statens Vegvesen. Ho jobbar med dei 18 nasjonale turistvegane rundt om i Noreg og fortel at ingen av dei andre attraksjonane trakk i nærleiken av same merksemd frå utlandet, som Utsikten gjorde i 2016.

Nasjonale turistvegar er vegar i Noreg som har fått ein offisiell status. Her vert det investert ekstra for å få ein infrastruktur tilpassa turistnæring og reisande langs disse vegane.

– 2012 var det store opningsåret til Nasjonale turistvegar, då alle strekningane fekk turistvegstatus og vart skilta med turistvegsymbolet. Dette året hadde vi rekordstor omtale i media, med 64,1 millionar i omtaleverdi. 2016 hamna på ein solid andreplass i omtaleverdi (61,4 millionar). I tillegg målte vi at 43 av totalt 83 førespurnader frå utlandet omhandla Gaularfjellet. Det viser rekordinteresse for Utsikten, fortel Kanter Zerwekh.

– Slike førespurnader dreier seg om er alt mogleg. Ofte ønskjer dei informasjon om nye anlegg, arkitektane og kunstnarane, opningar, historikk, prisar og bilde for å illustrere artiklar, utdjupar Kanter Zerwekh.

Foto: Jiri Havran

Foto: Jiri Havran

Foto: Jiri Havran

Foto: Jiri Havran

Spesiell arkitektur

Det er kanskje ikkje vanskeleg å forstå kvifor folk er så begeistra for den nye utkiksstaden som opna i juni 2016.

– Eg trur den spesielle arkitekturen gjer at folk vil dra hit, i tillegg til at det er ei spektakulær utsikt. Utrykket er spesielt og plasseringa i naturen er tilpassa staden, påpeiker Kanter Zerwekh.

Sandra Søreide, resepsjonssjef på Kviknes Hotel, kan skriva under på dette. Det enorme betongflaket er bygt ut over fjellkanten, med ein snipp som svevar 18 meter ut frå fjellveggen utan understøtte. Når du kikkar over tuppen, ser du 700 meter rett ned i dalen og utover vakre fjell og hårnålssvingane rett nedanfor!

– Dette gir turistane ein utruleg flott oppleving. Vi opplever at våre gjester liker det spesielle utsjåande og det flotte designet. Det gjer den utrulege utsikten ennå meir spesiell, fortel Søreide.

Les meir om Utsikten og arkitekturen her.

Enorm trafikkauking

Statens vegvesen har målt antal biler som passerer Utsikten på Gaularfjellet. I 2012 viste målaren i underkant av 290 biler i døgnet i juli. I 2016 viste den over 480 bilar i døgnet. Det er ein enorm auking på berre fire år.

– Reiselivsbedriftene i området snakkar om ei tid før og ei tid etter opninga av Utsikten. Dei har merka effekt opp mot ein tredobling i omsetninga. Det er ei enorm interesse. I 2016 hadde Utsikten nyheitens interesse, men det er først no i 2017 at attraksjonen er marknadsført skikkeleg i ulike brosjyrar og marknadsmateriell, fortel Kanter Zerwekh.

Foto: Jarle Wæhler/Statens vegvesen

Foto: Jarle Wæhler/Statens vegvesen

Foto: Eivind Nygaard/Code AS.

Foto: Eivind Nygaard/Code AS.

Trur på stigande vekst

Det er ei glede for heile turistnæringa. I Balestrand merkar òg Kviknes Hotel ein enorm popularitet for Gaularfjellet. Dei fortel om mange reisegrupper som legg om ruta via Gaularfjellet for å få med seg Utsikten. I tillegg er det mange av overnattingsgjestane på hotellet som etterspør eigen transport opp.

– Det har vore slik at det tre til fire gangar i veka har vore bestilt drosje opp, det er mykje. Vi har verkeleg fått ein ny attraksjon her i området som treffer mange reisegrupper. Både turvante og mindre turvante folk kan nyte ei fantastisk utsikt over fjella og fjorden, fortel resepsjonssjefen.

Bestill tur på Kviknes Hotel

I år som i fjor blir det arrangert bussturar frå Holmen i Balestrand opp til Utsikten kvar tysdag og torsdag frå juni månad, med avgang klokka 14.00.

– Vi trur dette busstilbodet blir like populært i år, då vi merkar stor pågang på hotellet allereie. Vi veit at Utsikten har vore spesielt populært i Asia, Spania og Brasil, så her ventar vi ein del turister frå, fortel Søreide.

Ønskjer du hjelp med transport frå Balestrand til Utsikten? Ta kontakt med oss på Kviknes Hotel.

Balholm Bilutleige tilbyr spesialpris til våre gjester!

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: