Julebord på Kviknes Hotel

Skal du ta med dei tilsette på julebord, kvifor ikkje velje eit hotell som gir julebordet ein eigen dimensjon. Kviknes Hotel er med si unike historie eit av dei mest særprega hotella i landet. Vi har lang historie også med å arrangere julebord, og feststemninga kan vi garantere. La julebordet bli ei annleis oppleving!

Mat og vin

På Kviknes står kulinariske mat- og vinopplevingar i fokus heile året. Under julebordssesongen er det høgtid for kokkane, og pinnekjøtet og ribba blir laga med den største omtanke.

Vår vinkjellar er den største og mest innhaldsrike i fylket, og vi plukkar ut vinar som passar til julemat i alle prisklassar.

Etter eit godt måltid med julemat avsluttar ein gjerne kvelden med levande musikk. Me garanterer god stemning...


Grupper, selskap og bedrifter: 

Hotellet er ope på forespørsel fram til og med 19. desember. Det er og moglegheiter på allereie oppsatte julebordsdatoar: 25. - 27. november, 2. - 4. desember og 9. - 11. desember.

Private eller mindre grupper:

Vi har satt opp julebord følgjande datoar kor ein kan melde seg på: 25. - 27. november, 2. - 4. desember og 9. - 11. desember.

Frå kr. 1445,- pr. person i dobbeltrom

inkludert julebuffet, frukost og dans. Kun julebordsbuffet kr. 695,- 

Ønskjer du tilbod på julebord hjå oss? 

Eller Send epost til sales@kviknes.no / ring oss på 57 69 42 00.

Familiejulebord 27. november!

Første søndag i advent ønskjer vi velkommen til årets familiejulebord. Vi sparkar i gang juletida medhyggeleg julestemning og deilig julebuffet. Me får og besøk av sjølvaste nissen, som har lova overraskingar til dei små. Det vil og vere framsyning av julefilm. På kvelden blir det åpning av julegata og tenning av julegran på Holmen.

Velkommen til ekte førjulsstemning på Kviknes Hotel!

 Kr. 395 pr. person, kr. 185,- for barn (6-14 år). Barn 0-5 år gratis.
For bestilling send epost booking@kviknes.no / 57 69 42 00