Kapasitet

Frå små møter til store konferansar

Med vår nye konferansesal, Kviknesalen, kan me leggje til rette for møter, kurs eller konferansar for 2-450 personar. Salen kan lett tilpassast ulike behov og antal deltakarar.

Kviknesalen kan delast inn i tre like store delar, som kvar har eit areal på 118 m2. Lokalet er til dømes svært godt eigna dersom ei større gruppe vekslar mellom å ha møte i plenum, og ynskjer å dele seg opp i fleire seksjonar. På kort tid kan salen delast av og setjast opp i ulike oppsett.

Salen inneheld sjølvsagt alt tenkjeleg teknisk utstyr. Heile 4 prosjektorar med HD-oppløysing kan nyttast samtidig ved store konferansar

Saloversikt:

 

 

Teknisk utstyr

- Trådlaus mygg
- Trådlaus håndholdt mikrofon
- Håndholdt mikrofon
- Bosè musikkanlegg
- DVD på storskjerm(4x5 m)
- TV med 6 kanalar på storskjerm(4x5 m)
- VHS på storskjerm (4x5 m)
- Prosjektor
Ved storsal:
- 3 trådlause myggar 
- 2 håndholdte mikrofonar
- 4 prosjektorar
- 4 lerret

Ved storsal kan bilete frå PC, DVD eller VHS visast på hovudskjerm eller alle 4 skjermar samtidig.

Grupperom

Me kan i tillegg til dei større møte- og konferanseromma tilby mindre grupperom i tilknytning til konferanseavdelinga.
Utstyr som flipover, overhead, lerret og prosjektorar er tilhøyrande utstyr til desse grupperomma.

Trådlaust internett

Me tilbyr gratis trådlaus internettilgang til alle våre kurs/konferansegjestar.

 

Kontakt oss i dag

Ynskjer du tilbod frå oss, eller har spørsmål kring møtekapasitet eller lokalitetane ellers, ring Kjetil eller Mariann på 57 69 42 70, eller e-postkurs@kviknes.no 

bg.png

Les meir om vårt kurs- og konferansetilbod