Kviknes Hotel - Gjestfridom i fire generasjonar

På Kviknes Hotel strekkjer gjestgjevar-tradisjonane seg tilbake til 1752. Familien Kvikne som i dag eig hotellet, overtok i 1877. Hotellet vart reist i sveitserstil, og har beholdt sitt særpreg sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar. Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei største turisthotella i Noreg. Hotellet har samla ei mengde kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.

Hotellet ligg idyllisk til ved Sognefjorden i nasjonalromantiske omgjevnadar. Lista over prominente gjester ved Kviknes Hotell er svært lang. Keisar Wilhelm II av Tyskland var ofte gjest i Balestrand. I tillegg er kongelege, keisarar, presidentar, statsministrar, filmstjerner og kunstnarar frå mange land å finne på gjestelista.

Pusterom

Ta deg eit lite pusterom ved å rusle gjennom salongane og nyte godt av alt den kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar. Nyt naturen, fjella og Sognefjorden frå ein godstol i hotellhagen. Eller du kan gjere som så mange andre som kjem til Balestrand, vandre rett inn i den nasjonalromantiske scena som har inspirert kunstnarar i over hundre år.

Den spesielle atmosfæren på Kviknes Hotel i Balestrand får du med på kjøpet!

bg.png

Bli betre kjent med Kviknes Hotel. Sjå fotogalleri:

Meir om Kviknes Hotel: