Det gode vertskap sidan 1877

Kviknes Hotel strekkjer gjestgjevar-tradisjonane seg tilbake til 1752. Ole Kvigne overtok hotellet i 1877 saman med kona Kari og broren Knut. Frå då av starta ei rivande utvikling som har halde fram heilt til i dag. Heile tida har familien Kvikne vore vertskap på hotellet ved Sognefjorden. No er det ein ny generasjon som fører arven frå Ole og Kari Kvikne vidare. Sigurd Kvikne har den daglege leiinga, saman med syskena Marta og Kari.

Historie har alltid vore ein viktig del av opplevinga ved Kviknes Hotel. Generasjonane har teke godt vare på klenodium og kunstverk - og det har gitt hotellet sin spesielle sjel og atmosfære. Du kan den dag i dag oppleve historie når du besøker Kviknes Hotel. I Høyvik-salen finn du fantastiske kunstverk frå ulike periodar og kunstnarar.

bg.png

Historia er ein del av opplevinga...

Meir om Kviknes Hotel: