På Kviknes Hotel er ramma sett for rolege dagar med din kjære.

 

Det er noko med stemninga. Ho gjer noko med deg. Skuldrane senkar seg, pulsen går jamnare og ting fell på plass. Du finn alltid noko vakkert å kvile augo på. Enten det er menneskeskapt som sjølve det majestetiske trehotellet, den nasjonalromantiske kunsten på veggane, eller sjølve originalen; naturen, fjella og den stadig skiftande himmelen.

Det er ikkje nok med flott utsikt og atmosfære.

Maten er ein viktig del av opphaldet, og ved Kviknes vert det lagt vekt på sanselege opplevingar som skal gje gode minner som set spor. Me nyttar så langt det er mogeleg lokal mat. Samstundes baserer kjøkkensjefen sine menyar på dei ferskaste råvarene, med Sognefjorden som eit ypparleg matkammer. La romantikken blomstre og nyt tiden i saman her i dei vakre omgivnadane våre.

Ein kan no og bestille romantisk opphald i 2014, klikk på bookingknapp under!

 

 

Overnatting i Balestrand

Kviknes Hotel ligg rett ved kaien i Balestrand, idyllisk ved Sognefjorden. Kjem ein med ekspressbåten frå Bergen eller Flåm, er det berre 20 meter til hotellet. Vi møter deg på kaien og tar baggasjen din. Opplev Breane i Fjærland, Flåmsbana, Nærøyfjorden og fleire landskjente attraksjonar på dagstur frå Balestrand.