Store namn til Balejazz
Odd Nordstoga, Mezzoforte, Kari Bremnes og Hanne Boel.
Det er nokre av artistane som gjer vinter til vår når Balejazz inviterer tilfest 10.-12.mai.
Ved foten av fjella ligg Balestrand der og skvulpar isjøkanten. Våren lyser opp kvelden i Holmen når Odd Nordstoga og IngebjørgBratland syng i gong verdas vakraste jazzfestival.
Balejazz er stolte over å kunne presentere eit kobbel avsterke artistar til årets festival.
- Vi er glad for å kunne presentere eit solid og variertprogram med nokre av dei beste artistane ein finn frå Sogn og Fjordane, Norgeog Norden, seier festivalsjef Sigurd Kvikne.
Balejazz ynskjer blant andre dei verdskjende, islandske fusionspesialistane Mezzoforte attende. Og i sjølvaste Munch-året tek vi imot Kari Bremnes og Ketil Bjørnstad som tolkar Edvard Munch med fortryllande musikk.
Laurdagen avsluttar vi med sjel. Då skal Hanne Boel løfte taket i Kviknesalen, og la publikum danse inn i balestrandnatta.
- Vi er svært fornøygde med å få Mezzoforte og Hanne Boel tilbake, som tidlegare har levert nokre av dei beste konsertane i Balejazz si historie.
Opningskonserten ”Heimafrå” med Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland kjem garantert til å bli ei stor oppleving.
Konserten med Ketil Bjørnstad og Kari Bremnes gleder vi oss også spesielt til i detteMunch-året, då musikken er skreven til Munch sine tekstar.
I tillegg til alt dette, kjem det sjølsagt fleire velkjende jazzartistar til bygda ved fjorden denne helga. Blant andre kjem ArveHenriksen og Karl Seglem tilbake - to av fylkets og landets beste jazzmusikarar. Spesielt glade er vi over å ynskje velkommen til ungdomskonserten med "Morning has occured" og nettopp Karl Seglem.
I år er vi også glade for å ha to lokale kunstnarar somstår bak årets festivalutstilling.
- Så no når alle artistane er på plass og godværet erbestilt, håpar vi at mange vil legga turen til årets Balejazz, velkomen skal du vera, seier festivalsjef Kvikne.
Artistane på Balejazz
Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland
Morning has occured med Karl Seglem
Arild Andersen trio
Reidar Larsen & The Storytellers
Mezzoforte
Sondre Bratland og Annbjørg Lien
Sogndal Storbandbesetning
Arve Henriksen og Jan Bang
Kari Bremnes og Ketil Bjørnstad
Mats Eilertsen trio
Ibrahim Electric
Yngve and his boogie legs
Hanne Boel