Senk skuldrane og nyt romantikken

På Kviknes Hotel er ramma satt for rolege dagar med din kjære . Det er noko med stemninga. Ho gjer noko med deg. Skuldrane senkar seg, pulsen går jamnare og ting fell på plass. Du finn alltid noko vakkert å kvile augo på. Anten det er menneskeskapt som sjølve det majestetiske trehotellet, den nasjonalromantiske kunsten på veggane, eller sjølve originalen; naturen, fjella og den stadig skiftande himmelen.

I tillegg til den gode utsikten og atmosefæren er maten er ein viktig del av opphaldet, og ved Kviknes vert det lagt vekt på sanselege opplevingar som skal gje gode minner som set spor. Me nyttar så langt det er mogeleg lokal mat. Samstundes baserer kjøkkensjefen sine menyar på dei ferskaste råvarene, med Sognefjorden som eit ypparleg matkammer. La romantikken blomstre og nyt tiden saman i vakre omgivnader. 

Kr. 1660,- pr. person pr. døgn.

Prisen inkluderer vårt rikholdige koldtbord med varme og kalde rettar den eine kvelden og Kjøkkensjefens anbefalte 4 rettars meny den andre  samt frukost på rommet begge dagar. På rommet vil de finne Balholm eplejuice, frukt og musserande vin.
NB: 4-rettaren er inkludert i evt. eittdøgns opphald.

Dette tilbodet er kun tilgjengeleg ved reservasjon over vårt Online System