Finden Gard på NRK 1 Sundag 10. mars kl. 20.15.

Oddgeir Bruaset og NRK1 vitja Lars og Laila Finden på Finden Gard i 2003, og dei blei ein del av serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Dei har bygd opp restaurant og serveringsstad for inntil 80 personar i den veglause Grenda Finden på sørsida av Sognefjorden.
Finden er vorte eit ynda mål for bedrifter, organisasjonar og private jubileum som ynskjer ei spesiell atmosfære kring arrangementet sitt.
Det får ein absolutt i Finden.
Finden Gard er ein av Kviknes Hotel sine samarbeidspartnerar for opplevingar i Sognefjorden.
Sundag kan ein sjå kva som har skjedd i Finden sidan 2003, då dette er eit oppfølgingsprogram.

Følg med på NRK1fyrstkommande sundag kl. 20.15.