Dette skrotet var ein gong viktig i folk sin kvardag, men har av ulikegrunnar mist sin verdi. No er det tilbake, i ny versjon. Velkommen til denunike utstillinga

«Rustne juvelar»

Opnar 15.juni kl 13.00 på Bøyum i Balestrand Sentrum

Med utgangspunkt i skrot

Vakre, rare, morosame og tankevekkjande er dei, desseverka du finn i utstillinga «Rustne juvelar». Dei har vorte til i Balestranddenne våren, og utgangspunktet er gamalt skrot samla inn frå bebuarane iBalestrand kommune. Skrotet var ein gong viktig i kvardagen, men har mist sinfunksjon, blitt øydelagd eller er erstatta av andre ting. Det er like fullt verdfulldokumentasjon på historia og kulturen vår, og gjennom å bruke delane i nye verkblir det bevart i framtida i staden for å bli kasta.

Noko for einkvar smak

Verka er å finne både innomdørs på Bøyum og utomdørs i Balestrand. Deter ei variert utstilling kor dei ulike kunstnarane har nytta sineuttrykksformer saman med skrotet. Nokre verk er laga for å nyte, andre for åreflektere rundt. Det som kjenneteiknar dei er at ein kjenner igjen delane somer brukt, og dette skapar unike assosiasjonar hos kvar enkelt sjåar. Vi ønskjerat verka inviterer sjåaren både til undring, refleksjon, estetiske opplevingarog latter.  

Medverkande kunstnarar

Solveig Haukaas, emaljekunstnar, Turid Grov, glaskunstnar,  Giuseppe Miconi, malar/illustratør, Elisabeth Tonheim, skrotkunstnar

I tillegg har formgjevingsklassane vedSygna vidaregåande skule i Balestrand bidrege med installasjonar.

Opningstider:

Opning av utstillinga lør 15.juni kl13.00

Vidare opningstid:

Kvardagar 20-22

Lørdag 12-14 og 20-22

Sundag 20-22

Stad: 1.etg Bøyum, i tillegg tilinstallasjonar utandørs i bygda

Kviknes Hotell  og Ciderhuset har gleda av å tilby fylgjande spesialtilbod

i utstillings perioden  23.06-22.07.2013:
Overnatting med halvpensjon minimum 2 døgers opphald.
Kr 1335,- pr. person i standard dobbeltrom pr. døgn
Kr 1460,- i enkelt standard rom pr. døgn
Prisen inkluderer vårt rikholdige koldtbord med varme og kalde rettar den eine kvelden og middag på Ciderhusetden andre kvelden: Forrett:Tyrkiske sigarbörek (fylt med Jarlsberg, fetaost og urter)

Hovedrett: Lokal økologisk Kalvefilet marinert i cider og servert med sjampinjong og sesongensgrønsaker og ovnssteikte poteter. (eller eit anna alternativ frå menyen, ogsåvegetariske alternativ))

Dessert: Hermetiske plommer fråfrukthagen med økologisk vaniljeis.

Eit glas Sognefjord eplecider eller eiflaske Balholm alkoholfritt. CIderhuset er ope søndagtil torsdag kvar veke i perioden. 

På rommetvil de finne Ustillingsguide med kart over installasjonane som står rundt ibygda