Guida tur til Keipen!

Foto: Falkeblikk AS

Foto: Falkeblikk AS

Turen går fra fjorden til høgfjellet, og gjev eit spektakulært utsyn over Sognefjorden med fjordarmane Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden og dei flotte Fjærlandsfjella.

Opplev ei reise fra fjøre til fjell med botanisk mangfald og den beste utsika i området!

Greit å vite (lengde, stigning, terreng, utsikt, krav, utstyr, mm.):

Turen går frå fjorden opp høgste fjellet i området og er innom fleire flotte utsiktspunkt. Terrenget er ikkje teknisk vanskeleg, men turen går i stadvis bratt terreng, og me anbefalar solide fjellsko med god støtte til anklane.

Kle som eignar seg for turar i høgfjellet må ein ha med – sjølv om der er varmt og sommar ved fjorden, kan ein møte heilt andre forhold i fjellet. Sørg for du kan halde deg tørr og varm – og i pausane. Du lyt og ha med ei solid niste og nok drikke.

Små grupper – stor natur! 

På turar med Norgesguidene er det maksimalt 8 gjester pr. fjellførar

Det sikrar god kontakt og dynamikk i gruppa, og moglegheit for å vere tilstade undervegs slik at ein kan ta til seg alle inntrykka frå naturen.

Turen er totalt 12-14 km lang, og har ein høgdeforskjel på nesten 1500 målt etter kvar ein vel gå. Dette er ein lang og fysisk krevjande tur, men naturopplevinga er tilsvarende storslegen!

Fjellføraren møter alle gjestene på Kviknes Hotel i Balestrand kl. 21 kvelden før turen. Her planlegg ein detaljene omkring turen i fellesskap, me har ulike variantar av turen som kan vere aktuelle.

På turdagen er det oppmøte og avgang fra Kviknes Hotel kl. 09.00. Herifrå køyrer me i private bilar eit kort stykke til startpunktet for turen. Turen tek ca 7-9 timer.

 

Pris og innhold (priser, bestillingsrutiner, møte kvelden før):

 

Avgang: Kvar onsdag og laurdag fra 27. Juli – 27. August.

Oppmøte/infomøte kl. 21 kvelden før turdag på Kviknes Hotel.

Turstart Kl. 09.00 fra Kviknes Hotel.

 

Pris : 750 pr. person. Ta kontakt for turar etter avtale/grupper.