Kortferiar frå De Historiske - Kviknes Hotel i kombinasjon med andre historiske hotell!

 

Kviknes Hotel er stolt medlem av De Historiske, og i år kan ein oppleve hotellet vårt i kombinasjon med andre historiske hotell. Dette er unike pakkar som ein lett kan bestille på nettet. Her kan ein lese meir om og bestille desse fantastiske turane.


Flåmsbana - eit fjordeventyr - Balestrand/Flåm

I kombinasjon med Fretheim Hotel i Flåm.

I kombinasjon med Fretheim Hotel i Flåm.Gyldig: 1/5-30/9 2016
Varighet: 2 netter/3 dagar

Høgdepunkt: Flåmsbana og Sognefjorden i kombinasjon med Kviknes Hotel og Fretheim Hotel.

Dette er ein populær kortferie med historisk atmosfære, flott natur og verdas vakraste togreise innan rekkevidde. Flåmsbana er ein av verdas mest spektakulære togreiser - med panoramautsikt over noko av den villaste og mest storslåtte naturen i norsk fjordlandskap.


Kortferie: Matvegen - Smaken av Sogn

I kombinasjon med Walaker Hotel i Solvorn.

 

SOLVORN / BALESTRAND

Gyldig: 1/5 - 30/9 2016
Varighet: 3 netter/4 dagar

Høgdepunkt: Kortferie med smak av norske fjordar og fjell.

Ønsker du å nyte smakar fra Noregs lengste fjord kombinert med overnatting på historiske hotell med eit tilstedeverande vertskap? Med bilen tar du deg enkelt fram mellom tradisjonsrike Walaker hotell og familiedrevne Kviknes Hotel.


Kortferie: Matvegen - Smaken av fjordane

I kombinasjon med Gloppen Hotell på Sandane.

 

SANDANE / BALESTRAND

Gyldig: 1/5-30/9 2016
Varighet: 2 netter/3 dagar

Høgdepunkt: Lokale smaker fra Nordfjord og Sognefjorden i kombinasjon med historiske hotell.

På Gloppen Hotell og Kviknes Hotel har gjestfrihet og matglede kontinuerlig vore i fokus og no får ein moglegheita til å oppleve desse to historiske perlene i ei reise. Denne unike kortferien inviterer til nydelege måltid i tillegg til noko av det mest spektakulære Noreg har å by på når det kjem til vakker natur.


Kortferie: Nasjonal Turistveg Sognefjellet

I kombinasjon med Hotel Union Øye i Øye.

 

BALESTRAND / ØYE

Gyldig: 1/5 - 30/9 2016
Varighet: 2 netter/3 dagar

Høgdepunkt: Kortferie med eigen bil kor du opplever norsk natur og arkitektur på sitt aller flottaste. Overnattingar og smakfulle måltid på historiske hotell undervegs.

Kortferien startar i vakre Balestrand kor ein bur godt på Kviknes Hotel. Vidare tar turen deg over Nasjonal turistveg Sognefjellet, Nord-Europas høgaste fjellovergang og avsluttast i Øye ved Norangsfjorden og Sunnmørsalpane. Her overnatter ein på Hotel Union Øye som i seg sjølv er ei reise tilbake i tid.


Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway