Opplev Walt Disney's Frozen i Balestrand!

Det er slåande likheit mellom kyrkja i filmen og St. Olafs Kyrkja i Balestrand.

 

Opplev landskapet og arkitekturen som var til inspirasjon for Disneysuksessen Frozen.
Opphald inntil 2 dagar, inkludert 4 rettars middag og/eller buffet.

Walt Disney var fleire dagar i Balestrand for å hente inspirasjon til storfilmen Frozen, og det skulle vise seg at ei kyrkje i Balestrand fekk ei sentral rolle i filmen. Den vart brukt som inspirasjon til kyrkja i filmen, og den er slåande lik St. Olafs Kyrkja. Kan kyrkja til og med ha vore til inspirasjon til namnet til snømannen i filmen?

Walt Disney vart og inspirert av landskapet og arkitekturen på dei gamle villaene i bygda, som ein kan oppleve på nært hald på spaserturar frå hotellet. Ein kan og få organisert ei kulturvandring med guide, kor ein vert teken med til kyrkja, villaer og andre stader av interesse i Balestrand (ikkje inkludert i tilbodet). Kulturvandring kan ein bestille på epost til booking@kviknes.no.  Ved innsjekk får ein utdelt eit kart over Balestrand kor alle stadane av interesse er merka. 

Les meir om Frozen og St. Olafs Kyrkja i vår blogg!

Maten er ein viktig del av opphaldet, og ved Kviknes vert det lagt vekt på sanselege opplevingar som skal gje gode minne for livet. Kjøkenet er internasjonalt, både når det gjeld tilsette og matrettane.

Så langt det er mogeleg vert det brukt lokale råvarer - og fjorden er eit ypparleg matkammer! Hotelldirektør og hovmeister supplerer med vin frå den rikhaldige kjellaren.

Spesialtilbod:

Overnatting med middag (buffet og/eller 4-rettar), maks 2 netter.

Kr 1355,- per person per døger i standard dobbeltrom.
Kr 1605,- per person per døger i standard enkeltrom.

Prisen inkluderer vårt rikhaldige koldtbord med varme og kalde rettar ein kveld, og kjøkkensjefen sin anbefalte 4-rettars meny ein kveld, samt frukostbuffet begge dagar og kart til kulturvandring. Dette tilbodet er kun tilgjengeleg ved reservasjon over vårt Online System.

Ved eitt døgns opphald kan ein velje mellom buffet og 4-rettar.

Dersom ein ikkje får opp ledige rom på online systemet ber me dykk ta direkte kontakt med hotellet på booking@kviknes.no.