Guida trugetur i Balestrand

Unik og lærerik mosjon!

I samarbeid med Nature School Norway kan me no tilby guida trugetur i Balestrand.

Det heile startar med 1-2 timar med teori på hotellet før ein byrjar på turen. Deretter går ein ut for å utforske det ein har lært. Ein nyttar sin eigen kropp som måleinstrument og kompass. Ein observerer og anvender alt frå sol, skyer, vind, bølger og tre til parabolantenner og husveggar. 

Nature School Norway står for alt innan naturleg navigasjon på turen, mens lokal guide står for trugeteknikk og ledelse i løypa.

Unn deg noko unikt og prøv denne introduksjonen til ein omtrent utdødd kunnskap som forfedrene våre benytta seg av.

Samla gruppepris uavhengig av antall deltakarar (maks 10):

3 timar: Totalt kr. 2900
4 timar: Totalt kr. 3500
Evt. Nistepakke kr. 105 pr. person.

Evt. overnatting og måltid kjem utanom.

Grupper under 5 personar:

Kr. 500,- for 3 timar og 650,- for 4 timar.
150,- pr. person i tillegg for kvar time ekstra.