Back to All Events

Damenes helg 2019!


 

Damenes helg 2019: 5. - 6. april! Gjer deg klar for ei inspirerande helg med mote, skjønnheit og masse nytelse!

Berre 10 plassar igjen (18.03.19)!

Me gjentek suksessen, og i samarbeid med Abby Boutique (www.abbyboutique.no) inviterer me til damenes helg i 2019! Ei innhaldsrik helg med mote, foredrag og underhaldning. Begrensa antall plassar, så ver rask med å sikre deg plass!

Programmet er byrja sette seg, og det kjem meir informasjon fortløpande:

Marna Haugen Burøe

 

I tillegg til Marianne Jemtegård, får me i år og besøk av Marna Haugen Burøe.

Marna Haugen Burøe, meir kjend som Komikerfrue, er ein av Noregs aller største bloggarar. Ho har vunne prisen Folkets favoritt under Vixen Blogg awards heile tre gonger på rad.

Marna blei kjend gjennom å vinne frøken Norge og deltok i Top Model. Ho er kjend i nyare tid for å vere med på Farmen og Skal Vi Danse.

Podcast med Eli Kari og Ingeborg

eli kari damens helg.jpg
 

Eli Kari Gjengedal kjem tilbake! I år har ho med seg venninna Ingeborg, som saman har venninnepodcast som kjem ut kvar fredag på Acast, Spotify, iTunes og YouTube. Her pratar dei om typiske jentetema - med andre ord alt mellom himmel og jord! Podcasten blir til vanleg spelt inn heime hjå Eli Kari og Ingeborg, men denne fredagen blir det podcast frå Balestrand og Damenes helg!

Konkurranse: Vinn tatovering og gåvekort frå Ljungberg Tattoo!

Marianne Ljungberg frå Ljungberg Tattoo vil gjerne dele ut ein tatovering og eit gåvekort i samband med Damenes Aften!

Gå inn på Facebookeventet for å delta!

Førebels program:

FREDAG 5. APRIL
14.00-20.00: Behandlingar inne på hotellrommet og stand for neglebehandlingar med Frøken Reykjavik.
19:00 – 19.30 – Aperitiff med Eli Kari
19.30 - 20.00 - Boblesmaking
20:00 – 21:00 – Kviknes store Tapasbuffet
21:00 – 22:30 – Mariannes Moteshow
22:30 – 23:30 – Show med «komikerfrue» Marna Haugen
23:30 -  02:00  - Damenes disco med Marianne Jemtegård.
Tidspunkt ikkje satt: Podcast med Eli Kari og Ingeborg.

LAURDAG 6. APRIL
10.00 - 16.00: Behandlingar inne på hotellrommet og stand nede for neglebehandlingar med Frøken Reykjavik.
10:00 – 18:00 – Abby Boutique åpen. Personleg shopping med Marianne Jemtegård. Bobler og noko lite å bite i. Det blir òg fleire konkurransar med flotte premiar.

Pris: kr. 995,- pr. person

18. mars: Berre 10 plassar att!
Påmeldingsfrist for dei siste plassane er 25. mars.

Påmelding må skje enkeltvis (berre 1 person pr. påmelding). Rom må bestillast separat (sjå tilbod under). Du vil få bekrefting på epost, samt faktura for deltakinga. 

Spesialtilbod på overnatting:

Dobbeltrom frå kr. 1090,- pr. rom (for to personar, ink frukost)
Enkeltrom frå kr. 890,- pr. rom (ink frukost)

Skjønnheitssalongen Frøken Reykjavik

froken reykjavik.jpg

Frøken Reykjavik strevar å gjere kundane nøgde, og har som mål å utføre ypperste kvalitetsbehandlingar. Terapeutane er lidenskapeleg opptekne av å gi kunden den beste oppfølginga gjennom den breide kompetansen sin og erfaringa innan bransjen. Dei utfører alt frå negler, vipper og bryn, ansiktpleie, fotpleie, kroppspleie, spraytan, microblading og permanent make-up blant anna.

logo froken reykjavik.png
 

PROGRAM FRØKEN REYKJAVIK - DAMENES HELG

Bestill time online på https://timma.no/frokenreykjavik eller send ein melding til vår Facebook-side "Frøken Reykjavik"

Fredag:
Kl. 14.00-20.00: behandlingar inne på hotellrommet og stand nede for neglebehandlingar.

Lørdag:
Kl. 10.00-16.00: behandlingar inne på hotellrommet og stand nede for neglebehandlingar.

MENY:
- Gelelakk express einsfarga: kr. 249,-
- Gelelakk express fransk: kr. 399,-
- Brynsstyling: kr. 299,-
- Carita lift: kr. 449,-
- Hydraboost ansikt: kr. 449,-

Har du lyst å sjekke karotenoidnivået ditt?

På laurdag 6.april vil du kunne bli scanna av eit unikt apparat som måler karotenoidnivåer i vevet utanpå huden, ved hjelp av den anerkjente vitenskapen Raman spektroskopi. Ved å plassere håndflata foran scannerens blå lavenergilys, vil du kunne avlese din Skin Carotenoid Score (SCS) i løpet av få sekund.

Karotenoider er organiske pigmenter i frukt og grønnsaker og hovedårsaka til dei røde, oransje og gule fargane på frukt og grønt. Jo sterkere fargar frukta og grønnsakene du spiser har, jo meir karotenoider tilfører du kroppen din og jo høgare blir din SCS.

Din individuelle score vil variere utifra matvanane dine, inntak av kosttilskudd og kroppen sin kapasitet til å ta opp karotenoider. Når du kjenner din SCS, så kan du forbedre den!

Lurer du på kva DIN score er?

Du finn Astrid Orvedal på stand hos ABBY boutique på laurdag.

Scanning koster kr 100,- eventuelle rescanninger seinare er gratis.

Earlier Event: October 13
Dans med Contrazt 2018
Later Event: May 3
Balejazz 2019