Back to All Events

Dans med Contrazt 2018


main.jpg

Me er utruleg glad for å ønskje sjølvaste Contrazt velkommen til Kviknes Hotel 13. oktober 2018! 

Dette blir ein kveld med dans, god mat og fantastisk stemning. Før konserten og dansen blir det buffetmiddag i Spisesalen. 

Prisar og spesialtilbod:

Buffet med varmrettar og dessert kr. 495,- pr. person
Billett til Contrazt kr. 295,- pr. person
Pakkepris buffet og billett til Contrazt: kr. 750,- 
20 års aldersgrense

For bestilling utan overnatting: booking@kviknes.no / 57 69 42 00

Spesialtilbod overnatting: 

1 natt frå 13. oktober: Frå Kr. 1345,- pr. person i dobbeltrom inkludert billett til Contrazt, buffet og frukost.

2 netter frå 12. oktober: Frå kr. 1000,- pr. person per natt i standard dobbeltrom inkludert konsertbillett, buffet og frukost.

Enkeltromstillegg kr. 275,- per natt.
 

 

Contrazt - festfolkets favorittdanseband:

Sida starten av 2005 har Contrazt vore eit av Noregs mest turnerande danseband. Kvart år har det kome ut nye CD-plater som har gitt heder og ære i form av 4 gullplater og for ikkje å gøyme 4 tituleringer som årets danseband, årets danselåt og årets musikar. Contrazt mottok Våler kommunes Kulturpris for 2015.

Contrazt sitt trettende album på tolv år, «Luksusliv…», er i lett gjenkjennbar i typisk
Contrazt-stil. 11 av 12 låter på albumet er signert bandets eigne medlemmar Gro Anita og Leif Dybendal. ”Luksusliv…” kom i juni 2017. I 2015 var Contrazt ein av deltakarane i Melodi Grand Prix med låta ”Heaven”. Albumet ”Hælj” som kom i 2015 blei nominert til Spellemannprisen i kategorien danseband. I 2016 gjesta bandet og Trygdekontoret og Beat For Beat på NRK1. Sommaren 2017 betyr også fleire opptredenar i riksdekkande radio og fjernsyn.

Contrazt var landets hyppigst turnerande band i sin genre i 2014, 2015 og 2016. ”Contrazt- landets mest oppegåande og progressive danseband”- sitat hovedstadspressen.

Gro Anita har etablert seg som ein fremragande vokalist i sjangeren, og dette er nok eit album som viser kva betydning ho har hatt for bandets fantastiske opptur dei seinaste åra. Som på tidlegare album og i typisk Contrazt-ånd, er det primusmotor og gitarist Leif Dybendal som står bak dei fleste låtane, men og nokre gamle og kjente slagera har det blitt plass til.

Som folkets favoritt var Contrazt og i 2017 ein selvfølge på sommarens store dansefestivalar, både i Noreg og Sverige. Fulle hus, tusenvis av glade Contrazt-venner, allsang og danseglede er nokon av superlativa som sitt igjen etter sommarens store turné. Det er ingen tvil om at Contrazt’s speleglede og utstråling smittar over på sjølv den mest stivbeinte dansefoten. Contrazt gir alt for at publikum skal få ein uforgløymeleg kveld, så gå ikkje glipp av å oppleve denne gjengen live!

Medlemmane i Contrazt er alle rutinerte musikarar med lang fartstid, og besetningen er:
Gro Anita Dybendal(vokal), Leif Dybendal (gitar og vokal), Hans Olav Trøen (bass), Kay Ronny Brobakken(trommer) og Svein Morten Haugerud(Keyboards/trekkspel/saksofon).
Til slutt er det berre og sei at Contrazt´s sceneshow er ei skue verdt for alle. 

Earlier Event: September 15
Motbakkeløpet "Balestrand Opp" 2018
Later Event: May 3
Balejazz 2019