Ta kollegaene dine med på teambuilding i Balestrand

M-event kviknes hotel balestrand.jpg
M-event aktivitetar Balestrand.jpg

Ein runde sjukamp eller GeoQuestor vil garantert få fram både smileband og konkurranseinstinkt hjå dei tilsette.

Ønskjer du ei innhaldsrik bedriftssamling, må du ta med deg kollegaene dine til Balestrand. Her kan dei overnatte på eit historisk hotell i naturskjønne omgivnadar, med nydeleg mat, fine konferansefasilitetar – og aktivitetar som passar for alle.

– Dette er ikkje ekstreme utfordringar, og det er ikkje fokus på fysisk aktivitet. Det er morosame utfordringar, med faglege nøtter og lagarbeid, fortel Morten Christoffer R-Wikstrand, dagleg leiar i M-Event.

Leverer kvalitet

For å kunne tilby eit profesjonelt opplegg for bedrifter, har vi i Kviknes Hotel eit samarbeid med M-Event, som har spesialisert seg på gode aktivitetar for teambuilding.

– Dette fungerer veldig bra. Dei er profesjonelle og kan organisere aktivitetar for både små og større grupper, medan vi kan jobbe med det vi er gode på, å gje kundane ei god hotell-oppleving, fortel Kjetil Nesse, salsansvarleg i Kviknes Hotel.

Kombinasjonen er perfekt for deg som vil ha eit annleis kurs, ei fin bedriftssamling eller ein morosam konferanse med fokus på lagånd.

GeoQuestor

Høyrd om GeoQuestor? Her plasserast postar ut i eit geografisk område, som du finn ved hjelp av nettbrett eller smarttelefon. Postane inneheld praktiske og teoretiske oppgåver, som kjem opp på nettbrettet. Her kan du få inn skreddarsydde spørsmål med intern kunnskap.

Archery Tag

Kva med Archery Tag? Dette er som paintbal, men med bogeskyting. Pilspissane er bytta ut med skumputer, slik at det ikkje er farleg eller særleg vondt å bli treft. Her få du moglegheita til å skyte på sjefen eller kollegaen din ...

Fem-, sju- eller tikamp

Eller kva med fem-, sju- eller tikamp? Her får de kjenne på samarbeidsevne, humor og konkurranseinstinkt, der det til slutt kårast eit vinnarlag – og ein heil del tapararar.

Kurs og konferanse

Eit stort utval kursaktivitetar og majestetisk natur like i nærleiken, gjer det enkelt å ha ein god og kreativ samling hos oss. Ta med di bedrift til Balestrand, så ordnar vi resten.

LES OGSÅ: Kurs eller konferanse med ein annleis reiseveg?

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway

Aktuelt: