Aktivitetar på Kviknes Hotel

Ynskjer du å kombinere opphaldet hjå oss med aktivitetar?

Då er du komen til rett stad. Rett utanfor døra kan me tilby ei rekkje aktivitetar der me nyttar fjorden og fjella som arena. Velkomen til ei aktivitetsrik oppleving!

Vinsmaking i vår vinkjellar:

Vinlista på Kviknes er den mest velfylte og innhaldsrike i Sogn og Fjordane. Uansett om du er vininteressert eller ikkje er eit besøk her ei minnerik oppleving. Saman med ein liten matbit får du smake vin frå ulike kjende vinprodusentar over heile verda. Kanskje får du nye idèar, og ikkje minst smaksopplevingar?

Fjellturar i Balestrandsfjella:

Dei mange fjella kring Balestrand er perfekte for flotte fjellturar. Du finn eit velutbygd merka løypenett i kort avstand frå hotellet. Du kan velgje mellom toppturar til 1300 meters høgd eller lette turløyper. Dersom du vil gå på eigenhand får du løypekart i resepsjonen, og dersom du vil gå samla med ein guide, let dette seg også gjere. Valet er ditt.

Fjordrafting på Sognefjorden:

Ynskjer du ei actionfylt avveksling frå møterommet? Då skal du prøve fjordrafting. I stor fart får du oppleve det som kanskje er den aller flottaste delen av Sognefjorden. Du dekker store avstandar på kort tid og får sjå mykje av den flotte naturen som er her. Med litt sjøgang på fjorden blir dette ei storarta oppleving. Vi garanterer ikkje bølgjer, men vind i håret og fartstårer i augene får du garantert.

Kulturvandring i Balestrand med besøk på Ciderhuset:

Kunstbygda Balestrand har ei lang historie, noko ein legg godt merke til når ein vandrar langs fjorden og ser dei mange drakehusa som ligg på rekke og rad. Eit besøk ved St.Olafs Church er også lagt inn i vandringa. Ein lokal guide fortel den imponerande historia, og om ein ynskjer det kan vandringa også inkludere eit besøk ved Ciderhuset. Utanom produksjonen av den velkjende epledrikken Balholm vert det produsert cider både med og utan alkohol. Etter ei lang vandring kan det være godt med ei smaksprøve, og kanskje ventar ei overrasking i tillegg...

Sykkeltur langs verdas vakraste fjord:

Ynskjer du å oppleve Sognefjorden frå land kan du leige syklar her hjå oss for grupper opp til 35 personar. I vakker natur og med frisk luft vert turen eit perfekt avbrot frå, eller avslutning på, møtedagen. Terrenget langs fjorden er lett kupert, noko som passar dei fleste. Samtidig garanterer me ei flott oppleving.

Vil du vite meir? Kontakt oss.