Kviknes Hotel - Gjestfridom i fire generasjonar

På Kviknes Hotel strekkjer gjestgjevar-tradisjonane seg tilbake til 1752. Familien Kvikne som i dag eig hotellet, overtok i 1877. Hotellet vart reist i sveitserstil, og har beholdt sitt særpreg sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar. Kviknes er eit moderne hotell med sjel og atmosfære, og er med sine 190 rom eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Noreg. Hotellet har samla ei mengde kunstverk og klenodium som pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.

Hotellet ligg idyllisk til ved Sognefjorden i nasjonalromantiske omgjevnadar. Lista over prominente gjester ved Kviknes Hotell er svært lang. Keisar Wilhelm II av Tyskland var ofte gjest i Balestrand. I tillegg er kongelege, keisarar, presidentar, statsministrar, filmstjerner og kunstnarar frå mange land å finne på gjestelista.

Pusterom

Ta deg eit lite pusterom ved å rusle gjennom salongane og nyte godt av alt den kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar. Nyt naturen, fjella og Sognefjorden frå ein godstol i hotellhagen. Eller du kan gjere som så mange andre som kjem til Balestrand, vandre rett inn i den nasjonalromantiske scena som har inspirert kunstnarar i over hundre år.

Den spesielle atmosfæren på Kviknes Hotel i Balestrand får du med på kjøpet!

Lading av elbil

Trimrommet

Sauna på Balestrand Hotell


Bærekraft på Kviknes Hotel

Bærekraft betyr for oss å forvalte ressursane mest mogleg lokalt, både når det gjeld våre menneskelege ressursar og verdiar, økonomi og våre ytre miljøaspekt. Vi er ein destinasjon som medfører ein del reise til og frå hotellet. Fokuset vårt er derfor å leggje til rette for at desse reisene og opphaldet hjå oss gjer dette forsvarleg. Om vi samtidig stiller krav til våre samarbeidspartnarar og leverandørar om det same engasjementet, bidreg vi til eit minst mogleg fotavtrykk.

Les meir om bærekraft på Kviknes Hotel her.

Bli betre kjent med Kviknes Hotel. Sjå fotogalleri: